Starten
av hildelasse
Det er jola i det året som har handla litt mindre om det å vere småbrukar enn det å vekse og bli sterkare som menneske. Og det har vore eit fantastisk eventyr. Eg har grave i minna mine, historiar eg har lagt vekk i mine mest avsidesliggande krokar og eg har avdekka mykje som eg trudde eg hadde gløymd. I vår kom eg til å tenkje på boka om Teskjekjerringa og Kvitebjørn Kong Valemon av Alf Prøysen og illustrert av Borghild Rud. Eg såg rundt meg på småbruket mitt og kjente at eg på mange måtar var i mål. Blomar, gjerder, kulturlandskap. Alt eg hadde jobba for låg framfor meg og glitra i vårsola. Eg ba mamma leite i bokhylla for å finne denne boka, slik at eg kunne sjå etter om fasiten min stemmer. Og om ikkje bileta var like klare og livaktige som eg hugsar kan eg sei at det er ein slåande likheit med terrenget i kongeriket mitt.
Denne boka har, utan å overdrive, altså prega mitt liv. Bileta var så fulle av fred, og glede og harmoni at dei blei min dagdraum, mitt mål når eg flykta innover i tanken, vekk frå alt som gjorde meg redd og usikker. Då eg skreiv min fyrste stil om framtidig yrkesval på barneskulen, og skreiv at eg ville bli bondekone var det Teskjekjerringa eg prøva å teikne som tekstillustrasjon. Denne boka var mi redningsbøye, så takk til Borghild Rud, ho gav livet mitt ein retning.
Samtidig har eg nå endeleg lært at sjølv om det var menneske som tok frå meg tryggleiken, så er det også menneske som gir meg han tilbake. Korkje blomar, dyr eller gamle tømmerhus kan gi meg det. Men det er ein kanal til å samle gamle og nye gode folk, og livet blir stadig rikare, meir fargerikt og strålande.
Tusen takk for året som er gått, eg gledar meg til det neste.
Beklageligvis har eg klart å hoppe over ei side. Men den sida har ingenting med mitt småbruk å gjere.