Du skal ikkje drepe.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Dette oppfølgaren til «Reddharen», frå desember 2013. Tryggleiken som har vekse fram i etterkant er formidabel, og det som var forferdeleg sårt den gong er nå ikkje hemmelegstempla lenger. Eg hoppa fort over til neste post «Lykke» som i kjappe trekk beskriv helbredelsesprosessen. Eg står heilt inne for den, den er riktig. Men eg hoppa over ein del ting, for endå var det for vondt og samtidig var det veldig viktig for meg å bli kvitt offerrolla så fort som råd, eg hadde jo aldri bedt om å bli eit offer.

Men eg har jo vore det. Eg har blitt frårøva essensielle verdiar i livet; eit sunt sjølvbilde og tillit til andre menneske. Men det tilhøyrer fortida, eg er fornya og heil, men ikkje desto mindre opprørt over at mobbing er eit så utbredt problem.

Eg har nok alltid vore ein det er takknemmeleg å erte. Eg var allereie som liten ein tenkar, og var oppteken av å bli tatt på alvor. Eg tøysa ikkje. Om eg sa at «nei, eg har ikkje kjærast», og dei vaknse sa «jo da, det har du sikkert ;)» blei eg usikker, rødma og tenkte kvifor kan dei ikkje bare tru på meg, eg lyg jo ikkje? Eg var veldig stille og sjenert. Dette skriv eg meir for å forklare mennesketypen eg var som liten. Slik at de kan kjenne den att om de møter ein av oss.

Resultatet av menneskefrykten min var at eg måtte velge å ha tillit til folk. Når ein ikkje har naturleg tillit, må ein velge å leite etter alles gode sider. Eg evna ikkje å dømme nokon, eg ville like folk og eg fann alltid noko å like. Det er eg veldig glad for. Svakheten med denne tilnærminga er at eg ikkje klarte å plassere skuld heller. Alle som hadde gjort dumme ting hadde alltid ein grunn til det, hadde ei historie. Eg forventa ingenting av nokon, for då kunne eg ikkje bli skuffa. Samtidig var eg veldig opptatt av å halde løfter eg hadde gitt, for min eigenverdi besto av det eg presterte. Eg har blitt eit typisk ja-menneske. Eg seier ja til alt,  fordi eg trur at ett nei enten kan såre den som blir avvist, eller at min verdi krympar når eg ikkje gjer det folk ber meg om. Og eg kamuflerte sårbarheten min med å bli tøff. Det er jo klassisk. Men eg ville ikkje bli slem, eg ville ikkje påføre andre nokon smerte, så eg isolerte meg heller og gjorde meg sjølvstendig. Eg ville klare alt sjølv. Eg la eit skal av lys over mørket mitt, over misstilliten og tilkortkommenheten. Eg tok på meg ei stor oppgåve for å halde fokuset på noko konkret og gjekk i gang med å redde verda. Eg gjorde det såpass bra at eg fekk gode skussmål frå Erik Dammann (Fremtiden i våre hender) og Lars Løvold (Regnskogfondet) men lista over dommedagsprofetiar blei etterkvart så lang at håpet om å lykkast svant. Og ikkje kunne eg klandre nokon for det heller, for det var jo ingen som gjorde noko slemt med vilje.

Og så var det det gjengåande problemet at eg mot min vilje tydeligvis hadde draget. Eg fiksa det ikkje, for eg stola ikkje på nokons hensikter. Dei kjente meg jo ikkje, dei hadde bare dømt meg ut frå det dei såg og det eg let dei sjå. Eg klarte knapt og omgås meg sjølv, eg eigde ikkje fortruleghet til dei og eg var overbevist om at dei ikkje ville respektere meg. Eg avskydde meg sjølv for tydelegvis å vere inviterande på eit eller anna besynderleg vis, eg tilbaud jo aldri noko anna enn venskap. Og når nokon i beste meining ville spleise meg med den eller den, blei eg uvel og opprørt over at dei eg rekna for nærmast og som eg stola mest på heller ikkje kunne respektere grensene mine. Dei gongane eg blei forelska let eg meg dagdrøyme om respekt og tillit i hemmeleghet og med gode sikkerhetsmarginar eit par veker, inntil eg fann ut at det var best å sjå realiteten i augene og skyte drauen i bakhovudet ein gong den såg bort.

Også komplement for at eg var så tøff og flink og sterk blei flippa rundt av ein fordreiningsnisse som jobbar med slikt. Kvar gong sank det hjarta mitt, fordi eg visste at folk hadde sett skalet mitt og det var det dei skrytte av. Dei beundra festningen, ikkje det eg vokta mot nye angrep. Og eg tenkte at dei skulle bare ha visst. Eg er jo så redd. Så redd for kjærleiken.

Dette kaoset av tankar og kjensler levde eg med til eg blei godt og vel 30, og det er resultatet av  lærarmobbing i tenåra. Dei største problema har jo fint latt seg unngå bare ved å styre unna nære relasjonar, men det er jo ikkje slik det skal vere.  Å skade eit menneskesinn er å ta liv, for kva er eit liv om ein ikkje tør å leve det?

Kanskje syns nokon at eg er litt i overkant personleg nå. Eg skriv det ikkje for å gjere meg interessant. Men eg trur det er viktig og fortelje heilt konkret korleis det er å ha vonde tankar. Nå kan eg formidle det, det var eg heilt ute av stand til den gongen det sto på. Om denne historia kan hjelpe pårørande eller dei det angår, eller endå betre: få mobberane til å innsjå kor stor skade dei gjer, vel då er den ikkje bortkasta.

 

 

 

 

Reklame