Hildegunn Lassemo

-byrje å leve

Måned: mai, 2012

Miranda

For ei vekes tid sidan flytta lyden av somar inn under taksteinane på låven i form av tårnseglerar og svaler. Dei seiste daganes kveldar har vore tunge av lukten av syrin og pinselilje. Huden har fått solvarme og myggstikk. Eg har sett den fyrste buormen, ein ekstremt lang utgåve på over ein meter. Eg har hatt mengder av hyggelege gjester, og eg har lært å respondere til einsame andungepip. Mirakelanda Miranda var den einaste ungen som kom heilskinna ut av egget sitt i rugemaskina måndag for snart ei veke sidan. Det har gjort henne selskapsjuk og sosial. Ho pratar i eit sett og det kan vere veldig hyggeleg, men også litt einsformig. Men når du er så bitteliten og søt på grensa til det ekstreme kjem du unna med alt. Ho veks fort og er særdeles flink til å vere and. Eg trur ho kan det meste allereie, eg treng heldigvis ikkje å lære henne stort.

Eg har latt henne helse på dei store endane. Dei let henne vere sidan ho er i mitt selskap, men dei kjenner ikkje noko på slektskapen dei har med henne, korkje artsmessig eller reint genetisk. Dei er far, mor og tante til henne, men det bles dei ein lang marsj i. Frida d.y derimot, som nå ligg på reir og har innstilt seg på å bli mor, har eit særdeles ambivalent forhald til den nye anda. Ho dirrar av uforløyst spenning når ho tek Miranda i nærmare augesyn. Ho veit ikkje om ho skal elske hene eller hate henne, men eg fortel henne at Miranda er min og at ho bare kan prøve seg på å gjere noko dumt. Då forstår ho kor landet ligg og går tilbake til dei 20 egga sine.

Bikkja har eit framleis godt forhald til den lille fuglen, måtte det bare vare. I omgang med kaniner og kattar blir ho aldeles besatt, og stenger alt anna ute. I forhald til Miranda er ho forsiktig, vender seg vekk, flyttar seg, slikkar seg rundt munnen, ser spørjande opp på meg når den gule dunballen frekt og framfust nappar i pelsen, barten og potehåra hennar. Men utan tilsyn stolar eg ikkje på at idyllen vil vare. Eg håpar likevel at gjetarinstinktet hennar vil gjere henne til ein venn og ikkje fiende for vår nye landsmann andungen.

Reklame

Gjestebud

Nasjonaldagen nærmar seg med stormskritt, og sjølv om eg periodevis anser oss som ein stat i staten delar me merkedagar med omverda. Å late som noko anna blir å late som. Som eg ved ein tidlegare anledning har nemnt er det kattane og bikkja som sit i 17.mai-komiteen. Eg har prata med Berte og høyrd med henne om ho kjenner at dei har kontroll, og i følge henne skal det gå etter planen. Hanen skal rope dagen inn sånn på morgonkvisten og hønene kjem til å vere litt ekstra oppglødd. Frida har sansynlegvis avgått med døden, ho er ikkje å sjå og blei borte den natta eg stakk på overnattingsbesøk og let låvedøra stå open. Derfor er det litt dempa stemning blant endane. Frida er borte, Hedda dreg på åra og er ikkje like entusiastisk lenger uansett, ei av dei unge har lagt seg på eit enormt reir med 28 egg, og då er ikkje Viktor og tenåringsdottera hans heller interessert i å ta han heilt ut. Desto betre er Viktor då egna til å halde ein litt nedstemt og melankolsk tale, om tida me lever i, frå låvebrua, ein gong mellom morgonbadet og spaserturen. Dernest vil Kattemusikken og Bertebaletten underhalde oss så lenge det er interesse for det. Italiensk iskrem og svenske pylser er å finne i frysaren. Eggløp; her er det nok egg til alle. Seriøst, eg meiner det.

I anledning grunnlovsdagen vil det dukke opp langvegsfarande, og gjesteromet er blitt stasa opp. Nå er det nok faktisk blitt slik eg ynskjer å ha det. Friskt, raust og litt spanande.

Er dette linselus, då nødslaktar eg kameraet mitt.