Gener er gøy
Patuppa og Lillemor har gjort det igjen, og denne gongen har dei synkronisert sin første småbarnstid. Patuppa la seg på reiret eit par dagar før Lillemor gjorde det, men då dei fyrste kyllingane blei klekt, tok eg Patuppa og kyllingane inn i eit bur i gangen, vekk frå kuldegrader, snikande kattar, sjalu høner og klønete kaniner, mens Lillemor fortsatte å ruge på låven. Neste morgon var ein kylling til født. Frå to andre egg var det lyd, men dei kom ikkje ut før det var på tide for den tredje kyllingen å leite etter mat. Derfor flytta eg også Lillemor og den tredje kyllingen inn i gangen og la dei seiste egga i rugemaskina. Den fjerde kyllingen kom i dag, det seiste egget let visst vente litt på seg. Og i same slengen har Gale-Matias blitt far og bestefar, utan å skamme seg, eller feire begivenheten heller for den saks skuld.
Det moroaste er at kyllingane er så forskjellige. Patuppa og Lillemor er jo kliss like kvarandre, og Gale-Matias har same farge som dei to. Og alikevel har det nå komi tre ulike variantar ut av egga. To har mørke striper slik mødrene hadde, ein er gylden og ein nærmast kvit. Pga av fargevariantar og dominante og ressisive gener, slump og tilfeldighetar og sånn. Så nå får eg ein fargerik flokk etterkvart.
Også håpar eg dei er høner, så dei får bu lenge i landet.