Endring
Det eg har satt høgast med dei seiste åras ustrukturerte tilvære, er den langsame frokosten, då eg har tid til å kvile augene på uendelegheten, ha ein kaffekopp i handa og vente med å starte dagen for fult til ovnskroken har blitt uuthaldeleg varm. Eg veit at dagen har blitt godt vaksen før eg tek kvelden uansett, så morgonen er tida for ro. Også det å kunne gå dagens tur i dagslys har vore ein rikdom. Når dagen er så kort, og så mykje av døgnet er mørkelagt er det strålande å kunne velge å bruke ein time midt i virketida til solsråler, frisk luft og utsikt. Og i tillegg har det vore ei glede å snekre på Levang, og dele liv med gode vener med gode vanar.
Dei to seiste vekene har eg jobba kvar dag, lange dagar. Rett etter halv åtte er eg ute av huset for å vere leksehjelp ein times tid, er heimom for å fôre og lufte Berte før eg dreg til Kragerø og innredar blomsterbutikk og er tilbake rett før 18. Så er det middag til folk og fe og ein kort tur med bikkja. Og dermed er eg ferdig med dagens plikter rundt 21.30
Det er nok ein overgangsfase. Eg skal for eksempel ikkje vere leksehjelp når butikkjobben startar. Og den neste rundballen er forhåpentlegvis ikkje like vrien (?) Ikkje er det like glatt å gå på tur, og eg treng ikkje å kjøre før ti på halv ni. Men pengejaget har sin pris, og nye klær eller finare bil ville ikkje vore motivasjon nok. Det er derimot tanken på eit tett låvetak, ein verkstad og ein eigen arbeidsplass.
Desse dørblada er nå frontar på disken i blomsterbua. I tillegg skjer det ganske mykje anna spanande der. Og eg likar å jobbe i butikk, og eg likar å møte folk. Så eg har vel ganske enkelt blitt litt rutinesky og let meg skremme av den voldsame starten.