Hildegunn Lassemo

-byrje å leve

Måned: mars, 2014

Rundluraren

luve

Eg er så innmari fornøgd, fordi eg har lura systemet. Eg har gått bak ryggen på multinasjonale selskap og etablerte konsern. Og denne luva er sannsynlegvis det nærmaste eg kjem ein tryllehatt, for den er med på å gjere verda til ein litt betre stad.

Under produksjonen av dette hovudplagget har ingen arbeiderar jobba på slavekontrakt. Ingen kjemikaliar har forgifta grunnvatn eller menneske. Sauane ulla er frå har garantert ikkje blitt utsatt for mulesing. Sauar, ull og garn har faktisk aldri vore utanfor Telemark fylke. Ulla er bare sortert i tre ulike nyansar, og bare vaska med økologisk såpe. Mykje av lanolina sit derfor att i garnet, og sidan det ikkje er nytta kjemikaliar er ikkje fibrane svekka av renseprosesen. Dessutan er dei grå trøndersauane bevaringsverdige,  og produksjona av ull og kjøt frå desse dyra vil vere med på berge rasen. I tillegg held dei det gamle kulturlanskapet ved like rundt dei hundre år gamle husa mine. Og  at luva er hekla i skinnet frå stearinlys av ein glad småbrukar etter dagens gjeremål gjer suksesshistoria komplett.

***

Pokker altså, at kraftfôret sauane får er soyabasert og importert frå Brasil, og at soyaplantasjane er anlagt på rasert på regnskog…

 

 

Reklame

I gode og onde dagar

bedrøvelege gjerderEr det sjølvmotsigande å hevde at ein er lykkeleg når ein er så sliten at livsgleden for ein tid har forlatt bygningen?

I slutten av desember var kontoen for alvor tom, og når hushaldningen har 60 munnar å mette blir det ein formidal mental påkjenning. Januar og februar gikk heilt med til ting eg måtte. Måtte for at alle skulle kome seg velberga gjennom neste dag. To månadar totalt blotta for utskeielsar, med mykje jobbing og ein del apati. Og mens ein er så felgkjørt og så tung er det på sin plass å tenke over om det er verdt det. Men eg var aldri i tvil. Eg var overbevist om at det var ein overgang, at det ville kome til å snu, at det ville bli lettare, eg visste bare ikkje heilt når. Og dessutan; kva ville vere alternativet?

Lat oss nå sei at eg valde å selge småbruket mitt. Eg har lagt mykje ned i det, av tid, pengar og sjel, så det ville ha kasta ein del av seg om eg la det ut på marknaden. Men kor skulle eg ha flytta? Denne bygda er nå heimstaden min, men det er fordi eg har småbruket mitt her. Plassen som har latt meg vekse i snart åtte år. Som får meg til å leve kvar dag. Her har kroppen min blitt sterk. Her fyller øyrene mine seg med hønseklukking, sauebreking, fuglekvitter, flugesurr, kattuglehoing og tut frå bilar som passerar når eg er ute med bikkja. Augene mine blir aldri lei av den nære utsikten som eg og beitedyra jobbar flittig med. Nasen registrar lukten av gras, seljas søte gåsungar, våt mose og varm møkk. Huda kjenner vinden, regnet, sola og den skiftande temperaturen gjennom dagens mange utetimar. Og hendane mine får stadig stryke over varme, mjuke hudar dekt av pels eller fjær. Kvar dag brukast heile meg, alle sansane mine, alle evnene mine, dei praktiske, dei kreative og dei filosofiske. 25 mål, det er omtrent akkurat så stor plass eg må ha for å vere fult ut meg, og eg må krympast for å få plass i ein leilighet.

Det er i denne bygda og i dens omegn at eg nå har funne feste for bardunane mine. Det er her eg har venene mine som stiller opp for meg, som låner meg alt eg treng, som gir av overskotet sitt, som stiller opp med hjelp. Og dei aller fleste av dei er folk som har ofra mykje for å leve draumen sin, som jobbar hardt, lever på lite, men rundhånda og raust deler av det dei har. Desse menneska er eg så glad i.

Dette er også staden som inviterar til familietreff og dugnadar. Ein fortreffeleg omgangsform og ein god anledning til å treffast. Dagar med fysisk fostring og sosial omgang avrunda med god mat, brettspel og historiar. Det er så definitivt verdt det.

Og sjølvsagt var det ein overgang. Sjølvsagt kom det til å bli lettare. Sjølvsagt ville det snu.

Kafeen trengte hjelp, og eg var meir enn glad for å få hjelpe til. Eg fekk nye kollegaer og vener. Eg får matrestar heim til hønene og pengar på kontoen ein gong i månaden. Nå har eg fått unna ein del av tinga eg bare måtte få gjort, og eg har fått satt av tid til saker eg har lyst til å gjere. Og når dette fell saman med lengre dagar og fint vær er alle bekymringar blåst langt inn i audemarka også denne gongen. Eg gledar meg til dagane som kjem og alt som dei vil bringe. Kvar dag kjem med nytt håp og nye gleder. Kaninungar er født. Om ein månad kjem lamma. At gjerdene må fiksast etter at den tunge snoen øydela dei, er nå blitt eit vårteikn, i stadenfor den ekstra børa som blei lagt på meg, slik eg såg det for ein månad sidan.

Når eg kan sei at eg var lykkeleg til trass for at eg var så sliten, skuldast det nok heilt enkelt at eg har vald dette livet sjølv. Med alt det omfavnar. Det var kanskje ein litt tynn lykke, men unekteleg lykke. Og eg kunne nok ynskje meg ei pause, men aldri eit anna liv.