Ein heng ut mengder med flasker eller glas, på avklyppte greier, i dagane då sevja stig i bjørka. Bjørka er nemleg blødar, og klarer ikkje umiddelbart å slutte med dryppinga si, og dette kjem oss bjørkesirupentusiastar til gode. For i bjørkesafta er det 2-3% sukker, og det er dette me er ute etter. Bjørkesirup er svært godt, det er fantastisk på vaniljeis og sikkert også i kaffe latte. Smaken er litt maltaktig, mørk og deilig.
Når det har gått ei tid (kanskje bare ein formiddag om det går fort, eller dagen etter), samlar ein inn safta, siler vekk maur og møll, tømmer det over i ein kasserolle og kokar det inn. Time etter time. Vatnet skal fordampe, og me skal bare ha att det som sakte, men sikkert blir stadig søtare og tykkare.
Har ein har samla rundt 20 liter, og seier seg godt og vel fornøgd med det, får ein til slutt ut omtrent så mykje:
Eg vil ikkje ha det på meg at eg er ein simpel ulveropar. Eg har fortold om to rugeforsøk tidlegare, som beviseleg ikkje blei noko av, så denne gongen ville eg vere sikker i min sak før eg introduserte dykk for begivenheten.
For godt og vel ei veke sidan plukka eg opp nokre andeegg frå fjosgolvet. Dei låg så rart til, midt på golvet, ikkje i eit reir i ein krok som er det vanlege. Deretter såg eg plutseleg tre til som låg i framkanten av ei stor kaninreirkasse, og då fekk eg ideen om å sjekke også inni denne kassa som sto der og var ubrukt for tida. Skjønt ubrukt og ubrukt. Det var mengder av egg i henne. Alle har altså nytta den same kassa, og har reiret vore oppteke ved rugetid, har dei lagt egget sitt spontant ein annan plass, altså midt ute på golvet.
Ei slik mengd med egg var eg ikkje villig til å la fryse ihjel. Eg tok fram tretti av dei og let fem stk ligge att til endane. Egga la i romtemperatur eit par timar, før eg flytta dei over i rugemaskina eg har overteke etter ein kafestamgjest.
Etter å ha lest meg opp på andeeggruging på nettet tok eg desse avgjerslene:
Maskina må stå på eit rom med stabil temperatur. Eg tenkte fyrst på badet, men slo det frå meg når eg såg punktet om -lite trafikk; vibrasjonar er uheldig. Det gjorde badet uaktuelt, fordi vaskemasikna får heile romet til å riste. Det er nemleg langt mellom bærebjelkane i etasjeskilla i dette huset.
Valget fall derfor på gjesteromet og ein liten lunk på panelomnen. Då var det bare å finne ein kontakt som ikkje umiddelbart ville spytte ut stikkontakten og setje maskina ut av drift. Det er nemleg så mange ujorda og slarkete kontaktar i dette huset.
Og så fylte eg vannkaret fordi egg av symjefuglar skal ha høg luftfuktighet frå fyrste veke. Mora vil jo vanlegvis bade kvar dag og slik væter ho egga sine.
Måndag 16 april starta prosjektet altså, og i dagane etter det har eg vendt egga to gonger om dagen, og teke dei ut av maskina for avkjøling i ti minuttars tid kvar ettermiddag mens eg har siti ved sidan av, lest Greven av Monte Kristo og følgd med på termometeret. Rugetida vil vare heile 35-37 dagar.
I går kveld, etter mørkets frambrot, tok eg med meg ei hovudlykt opp på gjesteromet for å gjennomlyse egga. Eg var veldig spent på om eg skulle greie det, eg hadde jo prøvd med dei brune hønseegga, men det hadde eg jo ikkje dreisen på. Men kvite andeegg var jo ingen kunst. Langt frå alle hadde utvikla seg, så nokre av dei har nok frosi. Men i ein god del er det teikn til liv.
Når ein set lampa inntil den butte delen av egget blir heile egget opplyst. Og inni eggeplomma er det ein liten raud pulserande flekk, med mange tynne, raude liner ut ifrå. Dei går på kryss og tvers gjennom den gule globen og delegerar oppgåver. Det er så magisk dette. For litt over ei veke sidan var alt bare ein gul graut, nå har det plutseleg oppstått eit knøttlite hjarta midt inni massen, som har byrja å jobbe, lenge før den fysiske arbeidsgjevaren har oppstått. Det er det det jobbar med. Bygge ein kropp rundt seg, ein kropp som om ein månads tid skal ta seg med på nye eventyr.
Fy søren, det der aspektet gjer meg litt svimmel. Og ord kan ikkje heilt fange opplevingane mine rundt dette, for det er ganske ubegripelig. Og det er ein av dei største verdiane ved å jobbe så tett inntil og saman med naturen. Nærheten til miraklane.
Påska er for lengst ferdig, og i fjoset ligg hønseegga forlatt i eit reir. Det blei ingen ungar denne gongen heller. Sannsynlegvis har dei lidd same sjebne som andeegga, som fekk dødsdomen då gradene kraup ned på -10, to nettar på rad og gjorde at drikkevatnen fraus inne. Då har også moglegheten til liv frose i hjel. Derfor blei andeegga donert til familie og venner, eg har sjølv eti mange.
Kaninungane derimot blir bare søtare og søtare. Så snart dei har fått augene heilt opp byrjar dei å vandre rundt i buret. Men utan proposjonane sine inntakt vippar dei, storhoda og framtunge, opp på frambeina og utan bakkekontakt bak.
Her i 25/124 er me relativt begeistra når det gjeld feiring av høgtider. Påska er ikkje noko unnatak og engasjementet blant innbyggerane har vore heilt upåklageleg. Bikkja og kattane har vel ikkje vore like oppglødde som resten av gjengen, men dei sit i 17.mai-komiteen så det skulle bare mangle at dei slapp litt lettare unna nå. Dette er bidraga frå fjoset:
Påskeegg. Endane la sine fyrste egg for 2012 sessongen nå denne veka. I dag er det heile åtte av dei i eit reir. Kryss i margen og vel gjennomført!
Påskeharar. Ikkje supersøte før om to vekers tid, men då tek dei det igjen i mengder. Årets fyrste kull blei født natt til i går. Mamman er ein rexkanin eg kjøpte drektig. Strålande innsats.
Påskekyllingar. Forventa ankomst; 4 påskedag. Ikkje optimalt, og for tidleg å rope hurra. Men det er klart, at dei har gjennomført eit solid aprilspøk, og det har vel teke litt tid å planlegge det. Eg godkjenner forsøket, det er uansett vanskelg dette med påske. Han kjem jo aldri til same tid to år på rad.
Hønene er så lattermilde at dei ikkje veit kor dei skal gjere av seg. Dei ser på kvarandre med tårevåte auger, mens dei prøvar å kvele eit fniseutbrudd, men lykkast ikkje og må vende seg om med ein klukkande latter og ristande skuldrar. Eg ser spørjande på Gale-Matias som tydeligvis er flinkare til å halde på maska, for han ser meg truskuldig i augene og seier at han ikkje veit kva som skjer. Mogleg det var den vitsen han fortolde for eit kvarter sidan. Dei oppfører seg veldig rart om dagen, seier han. Så går dei hikstande ut på tunet saman med alle dei andre. Eg gjer meg ferdig med runden hos kaninene og skal ta ein kikk inne hos fuglane. Då merkar eg at nokon listar seg etter meg, stille og spionerande, men også spent. Det er alle hønene. Eg blir litt usikker. Dei har det openbart moro på min bekostning og det kan nesten bli litt ubehageleg i lengda. Men då eg ser gullegget i andereiret, legg eg saman to og to, og snur meg smilande rundt i det dei hyler opprømt Aprilsnarr!!!
Fy søren for nokre spøkefuglar.