Typisk

av hildelasse

For eit år tid sidan byrja eg å fortelje folk at eg ikkje ville ta på meg nye snekkaroppdrag, men at eg skulle gjere meg ferdig med dei eg lova å gjere. Det kosta meg ein god del å bruke kjøkkenet og mi sterkt begrensa fritid til å gjere ferdig bokhylla i bjørkefiner, men til slutt kunne eg sjå den reise ut av tunet, rydde kjøkkenet for sagflis, verktøy og pusseklutar.  Det var derfor veldig trasig åtte månadar seinare å få telefon om at kantlistane hadde sleppt, og at dei var i ferd med å dette av nokre stader. Overflatebahnadlinga og smeltelimet på kantfineren har nok jobba mot kvarandre, og fineren har svella i sommarens luftfuktighet, blitt lenger enn kryssfineren og nå bukta han seg som Seljordsormen langs hyllekantane. Då var det bare å demontere hylla, produsere nye kantlistar i heiltre, sage av dei gamle kantlistane og lime på nye. Fem dagar utan lønn, det er lett å bli sur, men det hjelper så fint lite. Eg må jo bare rydde opp etter meg. Derimot kan eg velge å endre fokuset, eg kan fortelje ei historie om hjelpande hender.

Ei på jobben tok den eine vakta for meg slik at eg kunne få fire samanhengande arbeidsdagar tilegna snekring. Mi fantastiske mor hadde sagt seg villig til å passe hus, bikkje og buskap for meg mens eg var borte, ikkje ei lita oppgåve med tanke på hennar manglande rutine og at min tolmodighet med dårlege løysingar gjer at den dagleg drifta er både tidkrevjande og fysisk tung. Eg skulle altså pakke bilen og bu hos ei veninne av meg med verkstad, slik at eg kunne egne meg heilt til reklamasjonsjobben utan å bli avbroten av noko anna. Bare henge med fadderungane mine, tre perler på ei snor, drikke te og prate om gamledagar og framtidsplaner etter at dagens økt var ferdig. Det skulle bli fint å snekre litt igjen også, eg syns jo at det er moro. Og nå var jo ikkje tidspresset og økonomi lenger eit tema. Ironisk nok gjorde det meg glad å snekre gratis..

Fyrste morgonen, etter ein god frokost hadde eg bare fått dimensjonert kantlistane og tatt av meg hørselvernet då det blei ropa til meg at eg måtte ringe mamma. «Ullrik, veiren, driv med hærverk på alt og alle!» Eg ringte avløysaren min og forsto at det var alvorleg, det var så mykje redsel i andre enden av telefonen at eg fekk heilt vondt. Ein sau hadde gått på feil side av gjerde, så mamma hadde gått ut med ei bøtte kraftfôr for å lokke den inn. Det var desverre bare ikkje kva slag sau som helst, det var Ullrik. Sjølv kjenner eg alle sauane på utsjånad, og eg har såpass respekt for veiren at eg har med bikkja når eg skal handtere han. Men denne gongen var bøtteberaren fritt og uforberedt vilt og ho blei stanga i bakken på nysnokledd stålis. Deretter hadde Ullrik gått inn i fjoset og starta ein tvekamp med  Tammel på kvar si av ein innredning som hadde begrensa haldbarhet etter eit anntal treff med harde saueskallar, og nå sto dei i Emils boks og skalla laus på kvarandre. Eg lova å kome, mildt sagt oppgitt over situasjonen. Det er jo skvær umogleg å legge ein einaste plan, det er alltid noko som går på tverke!

På veg heimover tenkte eg på alternativa. Husarrest inntil eg kunne få slakta han? Omplassert han? Altså, han er ein utruleg staseleg kar, og relativt rolig til veir å vere. Med eit gjerde i mellom er han reint hyggeleg. Men altså ustabil. Han var av dei opprinnelege sauane mine og derfor var affeksjonsverdien også til stades. Men eg har bruka han på dei fem opprinnelege sauane tre år nå, og har måtta ordne med to hannar til ein skikkeleg liten besetning, så det var absolutt ikkje praktisk å ha han lenger. Eg bestemte meg for å svinge innom ein sauebonde på vegen for å høyre om ho kunne hjelpe meg med å få slakta han, det var det beste.

Ho sto med traktoren i gang og festa brøyteskjæret for å gjere seg klar til det meldte uværet. Då eg forklarte situasjonen gikk ho inn og sa frå til familen sin at ho blei med meg, henta boltepistolen og så kjørte me til småbruket mitt. På veg inn på gardsvegen min mista bilen heilt styringa på det vanskelege underlaget, og bilen sklei sidelengs ut på jordet, med eit hjul på kvar side av vegkanten. Bom fast.

På tunet gjekk me gjennom dei praktiske løysingane, og eg ringa ein kubonde i nabolaget for å høyre om han kunne: 1. dra opp bilen min og 2. heise opp sauen mens me slakta han. Også han var ute og fiksa ting, men han kunne kome om ein halv time, og då ville han ha med ein rundball til meg også.

Ullrik var utmatta etter all slossinga, men hadde krefter nok til å dundre inn i Tammel endå eit par gonger då den mindre og snillare veiren snudde seg for meg for å søke trøyst. Derimot var det lite uvilje mot meg og det var vemodig å leie han ut på tunet. Ikkje tenke, ikkje tenke, bare lukke augene mens sauebonden trekker av boltepistolen som er forsvarleg plassert i panna hans mens han et kraftfôr. Ein bolt perforerar skallen hans og han er borte frå denne jorda utan å få sukk for seg. Så kuttast halsåra for at blodet skal pumpast ut av kroppen av hjartet som slår endå nokre gonger, deretter kjem krampene , og så ligg han stille. Like brutalt kvar gong, men dyret sjølv er ikkje vitne til det. Det er borte i det patrona går av.

Snart kom den andre bonden, bilen blei  berga og Ullrik blei heisa opp i frontlessaren på traktoren slik at resten av jobben gikk greiare. Eit enormt skinn blei salta og ein stor saueskrott skal bli til fenalår og pølser. Så var også Ullrik historie, men heilt ærleg er det veldig lettvint og praktisk utan han.

Det eg sit att med etter denne  utypisk typiske dagen, som eg så gjerne skulle ha bruka til det den var tenkt til, altså reklamsjonssnekring, er ein veldig takknemmeleghet og respekt for bøndar (og mødre, mamma, det skal du vite.. ) Eg avbraut begge i gjeremåla deira. Nei, dei har ikkje arbeidstid, men alt må gjerast, og blir det ikkje gjort nå, så med det gjerast seinare. Men begge stilte opp utan å dra på det. Utan å gjere seg kostbare. Utan å forvente noko tilbake. Og eg er så glad for at det er dette som er den verkelege verda, at desse verdiane lever ennå. Og at dette livet er mitt.

Nei, eg blei ikkje ferdig med bokhylla desse dagane her heller. Men eg kom eit godt stykke på veg. Så takk for hjelpa, til kollega som tok vakta mi, mamma som passa småbruket mitt, sauebonden og kubonden for hjelp og grønsaksbonden for losji og verkstad i fire dagar.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

 

Reklame