I stall og stoge
Seinvinteren 94 stevar syster mi seg til ei telesylvskei i Rauland under landskappleiken. Men det tek ikkje lang tid før eg kjenner at folkemusikkvoten min er fylt opp og eg går rundt i gangane på akademiet og slår ihjel tid med ein stump gjenstand. Lyden av munnharpe og hardingfele strøymer ut dei opne dørane til aulaen då eg plutseleg ser ein lapp med bilete av ein hest. Veslefrikk er tydeligvis ein rolig og snill lyngshest og i tillegg er han til salgs. Og der og då kjenner eg at tida er overmogen, eg har venta ein evighet på denne augneblinken. Det er nå eg skal få meg hest. Eg må det, eller dør eg. Euforisk puggar eg telefonnummeret, og set meg sidan for å høyre på resten av bidraga. Men eit par gonger til går eg ut og sjekkar om eg hugsar rett.
Mamma informerar meg lurt smilande om at det var Sondre Brattland som tok telefonen. Han med Gje meg handa di ven, vettu, seier ho oppklarande når ho ser at eg ikkje forstår. Ho har altså ringt. Det er er heilt ubegripeleg, eg hadde trudd at eg måtte sloss. Men det blir altså avtalt eit møte, og nokre dagar seinare sit me i mjuke sofaer og drikk farrisblanda appelsinjuice frå høge glas og snakkar hest.
Veslefrikk blir desverre ikkje min. Men pappa byggjer ein stall. Og utpå sommaren sit mamma i ein stol i stoge på Bygdøy, og ser i Aftenposten at det er ein hest til salgs på Raufoss. Me kan jo ta ein tur dit om eg vil?
Fjørtopp er smellekker og har kjent travarblod i årene. Han har stilt til løp, men har gjort det dårleg på banen. Han virkar som ein fin fyr når eg prøverir han og dermed handlar hest. Enkelt og greit. Seinare ser eg att mannen som får alle sparepengane mine, i eit Vi menn, fordi det har dukka opp kornsirklar i åkeren hans.
Men du blir ikkje nødvendigvis best på hest, sjølv om du syns hest er best. Og når du handlar med kornsirkelmannen og ikkje salmesongaren, då må det kanskje gå som det går. Eg tør ikkje ri aleine med den fjotten av ein hest. Han som tek ut for ein ny vedstabel eller lyden av ein traktor. Pappa må bli med kvar gong, snart blir han også litt allergisk, og mamma får ikkje sove om nettane. Eit knapt år etter er eg altså atter hestelaus.
Nokre år framover fungerar stallen som drivhus, hønsehus og grisehus. Før han til slutt er redusert til lager.
Det er her inne, 12 år seinare, eg finn fem veldig fine etasjeomndørar. Ei gamal dame har i sin velmeinthet gitt oss omnsdelar til tre komplett ukomplette vedomnar. Derfor tek eg med meg det som eg reknar for å vere skattar og let resten ligge.
Dørane har jo si historie. Dei er jo produserte på jernverk som i dei aller fleste tilfeller er lagt ned i dag. Dei har stått i omnar som har varma opp hus som kanskje ikkje fins lenger, med folk i som i dag ikkje lever meir. Det er fint å ta med desse elementa vidare. Det er derfor eg har bygd skåp rundt dei og sender dei ut på nye oppdrag. Dei er tenesteviljuge og vant til å jobbe. Håpar bare eg slepp å sende dei til nav.