Denne bildekrusellen krever javaskript.
Det er altså vår, og det er langt meir fristande å henge ute i den stadig lengre kvelden, enn å sitje inne framfor ein data og trykke på knappar. Når svarttrosten har byrja å synge i skumringa, og eg har plukka både hestehov, gåsungar og blåveis (om enn på Levang og ikkje her) så er våren etablert, og pågangsmotet og innsatsviljen kjem automatisk med han. Skogen min liknar meir og meir på ein park. Kvistar er blitt brent, og pølser er blitt grilla. Eg kastar lange blikk mot stolpeemnene og lurar på når eg skal byrje å priorietere jobben med å lage gjerdestolpar av dei. Eg kikkar utolmodig på krokusknoppane og ser at den store dammen på det vassjuke jordet blir støre for kvar time. Dei seiste dagane har maula sno, og endane følger snokanten lenger og lenger ut på jordet, eksalterte over at verda proposjonalt blir stadig støre.
Men det blir dårleg med egg for tida. Eg har konstatert at rugeegga ikkje blir til kyllingar. Ikkje bare er det gått langt over tida, men innhaldet skvulpar, og dei kyllingane eg har møtt er faste i forma. Derimot har det lagt seg ei høne til på dei same egga, så nå ligg det to høner, klint oppi kvarandre og byter på å stjele egg frå den andre. I morgon må eg avbryte det innbilte svangerskapet deira. Eg kan ikkje dele ut premisjonar i hytt og pine, det får vere grenser.
Eg kosar meg også over tanken på at eg snart skal sende tømmer på saga, og få tilbake material. Det er stas det, å halde seg sjølv med virke til vedlikehald av eigen låve. Det underbygger så til dei grader illusjonen om sjølvstyre og einevelde. Nå er jo behovet for vedlikehald så og seie prekært, og det i seg sjølv er kanskje ingen kjelde til begeistring. Men når eg har fått materialane i hus, då er det bare å bytte ut og bygge opp. Eg gidder ikkje putte hermeteikn rundt bare. Om eg klarer å lure meg sjølv til å tru at det er så enkelt, så kan de og få tru det. Kanskje er det gjort i løpet av ein langhelg. (Nå anar eg nok ein gong tendensen til å bli eit tidsopptimistisk kjøtthovud, men det er nå ein gong den eigenskapen som har fått meg dit eg er i dag, så han er ikkje utelukkande dårleg..)
Så enn så lenge syng eg med svarttrosten, det er ingen grunn til å bremse i medvind.