Elli Tammel
I dag er det to veker sidan lamminga byrja, og framleis er det ei av søyene som ikkje har nedkomi. Til å ha ein såpass ørliten besetning har det vore mykje drama. Dei to fyrste lamma blei født på kvelden, og fødselen gjekk over all forventning. Det var store smerter involvert, og Cecilia rulla med augene, vrengte leppa, slo med hovudet og nærmast brøla i kramper. Men då eg skulle bort til henne for å sjå om eg kunne gjere noko, låg lammet der allereie. Og utan at ho la merke til det skei det eit til ut. Eg hjalp til med å tørke nr to, fjerna slim frå nasen og kjeften og bar dei inn i gjødselkjellaren. Alt var fryd og gammen, og då eg gjekk til seng ved midnatt var alt harmoni. Men neste morgon fann eg Elsa liggande under plattingen, ho våga ikkje å kome ut frå skjulestaden sin. Ho var den som blei født fyrst og eg hadde ikkje tatt i henne utover å bere henne inn. Men det var Jakob, andremann ut som hadde fått velsigninga og morskjærleiken. Nå blei Elsa dundra brutalt i bakken når ho ville fram til juret, ho trilla bortover bakken og lærte seg å passe seg for det sinte hovudet. Men ho måtte jo ha mjølk, og prøva om att og om att, og verst var det dersom ho kom mellom veggen og mammas harde panne. Eg tjora Cecilia og dytta Elsa opp mot juret hennar, men dette overgrepet kjempa ho mot av alle krefter, og då andre natta var over hadde ho sliti laus innredninga, og Jakob hadde blitt klemt under den, heldigvis utan at det gjekk liv tapt. Det var bare å ta Elsa inn, halde henne under oppsyn og byrje å flaske henne opp. Trass alt var eg glad det var søyelamet som måtte adopterast, iom at eg skulle kome til å bruke mykje tid med henne, det er ikkje så moro å bli bestekompis med jolemiddagen sin.
Sundagen etter var det Tone som la seg ned under plommetrærne, brølte ut sin smerte og pressa ut sine to små tvillingar. Eit søyelam og eit værlam. Guten var så liten og så vinglete og svak, og han låg bare og dirra av kulde under varmelampa, lenge etter at han hadde blitt tørr. Mora var bortpå han ofte for å oppmuntre han til å suge, han gjorde då også nokon forsøk, men gav fort opp og gjekk heller tilbake til varmen for å legge seg att. Eg heldt han opp mot juret, for at han skulle få i seg råmjølk, men han ville ikkje ta noko initsiativ og eg måtte trykke spena inn i kjeften hans for at han skulle ta seg bryet med å suge. Og noko fekk han då i seg, men eg tok ikkje sjansen på at han skulle vere ute i fjoset aleine om natta. Han fekk bli med inn og leve på flaske.
Emmas fødsel tok til tysdagen etter. Ho gjekk inn og la seg, og med lange mellomrom såg eg ei og anna rie. Kvar gong eg nærma meg flytta ho på seg, så eg gjorde kveldsstellet, kikka til henne, gav lamma flaske og kikka til henne, og til slutt let ho meg kome bort til seg. Då hadde den eine klauven komi ut, og eg stakk fingrane inn for å finne den andre. Den var ikkje der. Eg fekk tak i ein underkjeve, men ikkje noko bein. Då blei eg stressa. Eg prøva å dytte litt inn, men då hadde Emma byrja å presse. Eg ringte naboen, kubonden og han kom så fort han kunne. Då klarte eg å få tak i det andre beinet, og eg fekk dratt ut så nasen var ute. Me var einige om ikkje å stresse henne meir akkurat nå, og eg fortsatte ikkje før eg igjen var aleine og såg at ikkje noko meir skjedde. Saman fekk me det ut, Emma og eg. Det sørste lammet som er født her, og det kom ut av Emmas lille kropp. Det var dødt. Og ute var det natt.
Eg har høyrd at ein kan gjere forsøk på å adoptere vekk koppelam ved dødfødslar. Ved å gni dei inn i fostervatn, eller dersom det er litt eldre lam, flå det dødfødte lammet og kle på det andre lammet skinnet hans. Og slik det var nå ville eg gjere alt eg kunne for at Emma skulle få eit born, og gjerne at det minste lammet skulle få vokse opp med ei søye. Så eg sprang inn etter ein kniv og i lyset frå ei hovudlykt flådde eg det som skulle ha vore Emmas glede. Dernest kledde eg ein høgst motvillig Tammel i det alt for store skinnet. Han vassa i kaldt og vått skinn, og Emma kunne lese av situasjonen at ikkje alt var som det skulle. Ho slikka omsorgsfult skinnet, men dytta likevel vekk den lille kroppen som bar det. Han bar hovudet lågt, og kom tassande mot meg, han svara ikkje på Emmas spørjande breking og ville heller ikkje ha noko med henne å gjere. Plutseleg byrja riene på nytt, og endå eit stort lam kom ut. Heller ikkje dette levde. I to daga leita Emma etter lamma sine. Ho kunne ikkje forsone seg med dei døde kroppane. Det var triste greier. Og eg bruka mykje tid på å tenkje på kva eg kunne gjort anleis. Eg kunne ha insistert på å hjelpe henne tidlegare. Det burde eg kanskje ha gjort. Samtidig er ho ei ung og ikkje ferdig utvokst sau, som trong tid på å utvide seg. Uansett, Emma har gått vidare og er i dag ei ganske hyggeleg tante for Elsa. Og eg fekk mjølka ut tre gode desiliter med råmjølk som eg gav Tammel på flaske.
Kvifor Tammel? Eg hadde ikkje lyst til å gi denne fyren eit ordentleg namn. Han er både ein småvokst og tassen vær. Han er ingenting å satse på utover det å bli pinnekjøtt. Derfor omtalte eg han som det lille lammet. Elsa og det lille lammet. Men så bytta bokstavane litt plass og snart tenkte eg på han som Elli Tammel. Det er vel strengt tatt eit jentenamn tenkte eg, og nå er han bare Tammel. Ein liten mann som er veldig søt, veldig hengiven og har litt dårleg syn. Har han mista deg av syne ein gong, må du rope lenge før han finn deg att. Dersom det står eit tre, eller ei bytte eller ein annan hindring på vegen stoppar han der fordi han trur han er framme. Inntil han forstår at han har teke feil og byrjar å breke usikkert att..
Den fjerde fødselen fann stad onsdag. Det gjekk fint, og for fjerde gong kom det tvillingar. Desse kom seg begge raskt på beina og bort til juret. Men det eine lammet var uhyre tynt. Også han låg under varmelampa og dirra. Eg fann ein tynn ullgenser som var moden for kassering, klyppte av ermane på han, laga hol til frambeina og tredde dei på. Han var litt svak i byrjinga, og to nettar hadde eg han inne slik at han kunne kvile ut og sleppe å sloss mot den betrakteleg støre broren om mjølka som var tilgjengeleg. Men på dagtid har han vore ute med mor si som er lykkeleg over å sjå han att. Nå er han ikkje lenger eit beinrangel. Og nå er han ute på fulltid.
Den siste søya har også mjølk i juret sitt nå. Eg håpar alt går greit, så eg snart kan sove gjennom heile natta, utan å mate spelam kvar fjerde time. Utover søvnløyse og utmatting er eg så henrykt over å sjå den lille flokken med yre småsauar. Dei hoppar sidelengs og sparkar med beina, dei ber på ein glede som ikkje er retta mot noko anna enn å få leve. Og det er ein idyll som smittar. Det er verdt det, alt saman.