Hildegunn Lassemo

-byrje å leve

Måned: juni, 2013

Butikken :)

BUTIKK 030

 

Det er så gøy å sjå resultater av arbeidet sitt. Det kan gå dagar mellom kvar gong det verkelg syns, men så kjem dagen då ideane ein har bore på i hovudet i lang tid, kanskje månadar eller år, står der og glitrar framfor deg. Slike dagar er ubetalelege.

Alt av varer er ikkje på plass endå. Men det kjem, det kjem. Akkurat nå kosar eg meg med kassene mine.

 

Reklame

Styrke og eleganse

Emil løsnar på snippen

 

Det må faktisk vere lov å løsne på snippen av og til. Bare han skjerpar seg til Småbruket opnar for folk flest.

Redningsaksjon

Ikkje alle dagar er like begivenhetsrike. I dag er det liksom ingenting å rope hurra over, sjølv om dagen har blitt utnytta maksimalt. Det har vore ein slik dag som har blitt bruka til å ta igjen småting. Som å måle eit strøk til under trappa. Då må det ryddast i gangen og frysaren må dras fram. Penslar må vaskast grundig før den neste lille flekken kan målast. Men kvifor blei det ikkje måla ferdig i fyrste omgang? Det er i stor grad eit pengespørsål. Dersom den billige, feilblanda målinga tok slutt midt i prosjektet måtte det bare bli slik. Det er viktigare å ikkje vere svolten, enn å bli ferdig med veggen. Og etterkvart utviklar ein ein evne til å oversjå alt som er halvferdig. Det fører uansett ikkje noko godt med seg å hige etter noko du ikkje kan få akkurat nå. Men når ein vel har blitt ferdig med dei små prosjekta blir hjarta lett, og eg forstår at eg likevel har latt meg affisere av manglande taklistmåling og gjennomsiktig grønfarge.

Men heilt utan drama har ikkje dagen vore. Eg har redda hundrevis av små liv. For den store, stolte dammen på jordet har sakte, men sikkert krympa ned til ein liten gjørmepytt, og han har vore i voldsom bevegelse. Han har koka av panikkslagne rumpetroll, for det har verkeleg sett stygt  ut. Og for svunnene barndomssommarars skuld, og for frosken Aslak som budde med meg ein vinter i hybelen på toppen av Apotekergården på Årnes sin skuld, drog eg på meg støvar og tok med ei bytte og ein spade til dei sprellande, halebefengte klattane i den lille sørpehøla. Derifrå evakuerte eg brorparten av yngla og slapp dei ut i den lille bekken som skiller mitt kongerike frå vegvesents eigedom. Der symjer dei nå glade og tilfreds i kjølig og rennande vatn. Resten av syskenflokken får naturen gjere som han vil med.

Småbruket besøksgard!

Dette har vore min hemmelighet, det er dette eg har jobba mot. I årevis har eg drøymt om dette, men så har eg vore så redd for å få Den Store Draumen avvist at eg heller har holdt han for meg sjølv. Då eg plutseleg ikkje hadde jobb nå i mars, og ingen små og faste inntekter og forhalde meg til forsto eg at det var nå det måtte skje. Dersom eg byrja å søke på nye småjobbar eller store jobbar ville denne drauen bli utsatt på ubestemt tid igjen. Og nå låg jo igrunn alt til rette for at det skulle lukkast. Det var bare det at tida plutseleg var blitt noko knapp. For eg må jo få med meg denne sommarsessongen, ellers er det jo dødfødt. Eg jobbar nå alt eg kan for å få dette til, all min våkne tid. Og på eit tidspunkt kjem eg til å innsjå at dette er det eg får til på denne utmålte tida, og så får det bli slik det er. Men enn så lenge er forventningane til meg sjølv høge. Igjen. Og eg gledar meg.

 

Heimesida mi er : http://smabruket.net/  og Småbruket på facebook