Eg har feid for min egen dør, og står dermed fritt til å kritisere alle andre.
Sundag ettermiddag blei det erklært landesorg i 25/124 då eg oppdaga at også Miranda var blitt borte.
Miranda var ein av dei to andungane som kom heilskinna ut av egga sine i rugemaskina i vår. Egga eg hadde gjennomlyst, snudd, fukta og kjølt ned i eit langvarig ritual på 35 dagar. Eg sat i ein lenestol inne på gjesteromet og las Greven av Monte Cristo mens eg heldt eit auge med tempmålet for at egga ikkje skulle bli for kalde. Då Miranda blei klekt var ho den einaste som kom i den omgangen. Eg måtte derfor få henne til å ete og var litt urolig for at ho ikkje skulle få i seg nok. Ho fekk liksom ikkje dreisen på korn, pellets og kokt eggeplomme, men prøva til stadighet å få i seg den mørke flekken på foten sin. Ho budde på badet i eit bur under ei varmelampe, og ho blei frå seg når eg gjekk frå henne. Eg hunne sjå i nøkkelholet korleis ho sprang frå side til side med lang hals og heva hovud for å finne ein veg ut og etter meg. Lyden av den desperate og einsame andungen gjorde at eg tok henne med i ei korg mens eg og bikkja gjekk på turane våre, det var jo aldeles umogleg å gå frå henne. Og når eg sat i ein stol, krabba ho opp på skuldra, snadra meg litt i øyret, rulla seg saman og sovna. Dette heldt ho på med til ho blei temmeleg stor.
Etter ei veke blei også Fernando og den Usjønne andungen Svanhild klekt. Dei blei aldri så knytta til meg, dei hadde jo allereie ei storesyster. Svanhild døde etter ei veke, det var ikkje heilt vel fatt med henne. Men Fernando og Miranda var gode venner frå dag ein og heilt til han flytta til Sannidal i bytte mot Andre. Men det er jo ein annan sørgeleg historie..
Miranda var litt som Mowgli. Då ho endeleg fekk flytte heim til sin eigen art satte ho veldig pris på det, men ho gløymde heller ikkje meg. Eg var meir enn eit matfat for henne og når eg grov i bed var ho der og luka, og når eg bytta dekk flytta ho på boltane for meg.
Nå har eg tre endar att, og den frie viljen er herved inndratt. Hedda, Frida d.y. og Victor er henvist til å tilbringe dagane sine i låvens fyrste etasje. Hønene og hanane flyttar ein etasje opp sidan dei har ein heilt ekstrem evne til å kome seg inn på det nylagte verkstadgolvet og drite det ned.
Sundag kveld var altså ein dyster kveld for meg. Om dei andre her eigentleg la merket til at det var innført landesorg veit eg ikkje, det blei ikkje annonsert så bredt. Men det letta litt på vemodet då eg gjekk ned med høy til sauane og tok ein prat med Emma, ein sau som set kos høgare enn gras. For mens eg sat med hovudet hennar i fanget mitt, dunkaogså katten meg instendig i korsryggen med pannebrasken i håp om litt oppmerksomhet.
Dei veit godt kva slag strenger dei skal spele på denne gjengen.
Det er framleis mykje å bruke dagsljoset til her på småbruket. Vinterdvalen har ikkje gjort seg gjeldande endå, sjølv om uteøktane er fleire timar kortare nå enn til andre tider av året. Det byrjar å dra seg til og det er stadig ugjorte saker som må fiksast. Bur som ikkje tåler snotyngda må anten inn eller få eit godt tak. Plankestumpar frå byggeprosjekter skal bærast bort og brennast. Utemøblane må inn. Beda må få eit lag med bar over seg.
Men ærleg talt, det er ikkje vinterens snarlege ankomst som får meg til å forte meg. Det er Hjemmet!!! Om mindre enn ei veke kjem dei for å forevige og distribuere livet mitt. Kjære vene, er det rart eg vil prøve å ha litt kontroll over i det miste fasaden? Men det er moro då.
Journalisten hadde nemleg komi over denne aftenpostenartikkelen : Hildegunn_Leve-1 og syns det var på tide med litt resirkulering. Hoho!
Når sauane må lokkast lenge og vel for å kome inn slik at dei kan få kraftför, og to av dei fem blir ståande att ute på jordet. Når dei to som står att så vidt vil ete av den bøtta eg byr dei, og dei ikkje kan tenkje seg å bli med meg tibake. Når den eine alltid ser rundt seg og alle hoppar til ved at ein katt kjem inn i ljoset frå hovudlykta, då kan ein spørje seg om det er så veldig lurt å plassere sparepengane sine i mjuke verdiar. Verdiar med ull eller lange øyrer. Reven har vore her og forsynt seg med alt av nytt andeblod. Alle dei tre endane som aldri skulle finne seg i å legge seg om kvelden. Sjølv om Andrè og Miranda fann tonen og sov i same rugekasse den seiste veka var det ikkje nok til å lokke han frivillig inn i låven når kvelden kom sigande. Og sjølv om det var trist å miste dei, vil tapet av ein sau vere av ein heilt annan art. Veiledande livdyrpris er nemleg 1700 + 25% mva. Det er betydeleg meir en verdien av eit slakt. Om alt går som eg håpar blir det i snitt 1,5 lam pr søye neste vår. Då har eg fôra på dyra ein vinter og kan kanskje gå i null til hausten. Neste år kan eg gå i pluss. Men det er jo ikkje kommersielle krefter som har fått meg til å skaffe meg sau. Det er for trivselens skuld. For kulturlandskapets skuld. Og den eine sauen har allereie blitt ein tillitsfull og kjælen skapning. Eg har ikkje tenkt å miste nokon av dei. Så eg tok med meg bikkja og gjekk rundt gjerdet. Ho snusa nysgjerrig, men blei ikkje galen. Og det blir ho, om ho kjem på sporet av rovdyr. Det ligg nemleg i voktarblodet hennar. Så får eg ut ein tur til i kveld for å sjå etter om dei har roa seg, det er jo ikkje umogleg at dei har fortold kvarandre nifse historiar og nå gjer dei kvarandre redde. Og dessutan krysse fingarne for at dei fire straumførande ståltrådane er like effektive til å halde ubodne gjester ute som sau inne.
-han kallar meg stygge ting.
Neida. Med mindre både steinhjartet og hjartet av is er meint som anklagar. Men eg er jo open for overfortolking.