Hildegunn Lassemo

-byrje å leve

Måned: april, 2013

CBjr

Oppgradering

Det er ein grunn til at det er så kaldt i huset mitt om vinteren. Men det går stadig framover. Snart er det bare eit uisolert kott att, og samtlege golvhol er allereie tetta. 🙂

No livnar det i lundar

-no lauvast det i li, den heile skapning stundar no fram til sumars tid.

Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord og atter som eit under nytt liv av daude gror.

Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song, du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong.

 
 

I tillegg til alt det andre eg viste eg måtte gjere, dukkar det stadig nye gjeremål opp parallelt med at snoen trekker seg tilbake. Gjerdene må vedlikehaldast fordi snoen og kulda har øydelagt isolatorar og tung sno og skare har fått hesjetråden til å ryke i skøytane. Skruvane som held tregjerdene mine saman har også gitt seg når den tunge snoen har lagt tyngda si på. Og så er det den lille dammen med dei bratte kantane på nedsida av låven som blir smekkfull av smeltevatn og er ei drukningsfelle for våryre lam som ikkje har vett på å passe seg. Den må sikrast. Og det FØR lamma kjem. Og gjødselkjellaren må få ein hengsla port slik at sauane kan haldast inne når Emil, shettisen som har fått innvilga opphaldsløyve, skal få vere ute. Han jagar nemleg sau, og så høgdrektige som desse søyene er nå, må dei få sleppe å ha eit sauevondt monster i hælane. Samtidig skal dei nye vindskiborda grunnast og målast før jobben med nytt låvetak går i gang. Georginer og andre sommarblomar og planter har fått jord over seg og står til driving på finstoga. Utebura må også klarerast slik at kaninene kan vere ute i frisk luft og klart lys,og vinterens avgnagde greiner må brennast før det blir tørt i skogen. Det er igjen hektiske tider. Men kven kan miste motet når omgjevnadane boblar over av gjensynsglede med livet.

Kattane vrir seg i solvarmt gras, og varmar fyrst magen og så ryggen. Ei utekanin saumfer solveggen på jakt etter ferskt gras, og finn lykkelege det ho leitar etter. Sauane brekar fortvila over tapt frihet etter eit kvarter innestengt i gjødselkjellaren, mens Emil dundrar over jordet som eit lite uvær og jublar over sin. I skogkanten kokar det av fuglesong, og til linerlas begeistring er det allereie mykje fluger i solveggen. Ein heldig effekt av ein varmegåttrundball og gjødsel. Og sjølvsagt kjenner også eg kva solstrålene og varmen gjer med humøret. Og eg er så heldig, så heldig som får drive med det eg likar aller best.

 
 
 
 
 
Reklame

Eg kjøper meir tid med gamalt nytt:

Eg fortset å distribuere gamle greier, i påvente av noko eg kan skrive heim om. Det er mykje som skjer, og mykje av det handlar om å få min eigen bedrift til å svinge. Men det er altså framleis for tidleg å legge fram ideane. Ellers kjem snart sauesaksa i posten og lamma blir født om tre vekers tid, eggklekking har eg skrivi om før og ut over det er det ikkje så mykje som er blodferskt og nyskapande her i 25/124.