Hildegunn Lassemo

-byrje å leve

Måned: oktober, 2012

Jolebutikk

Denne bildekrusellen krever javaskript.

I går var eg på informasjonsmøte på Stabbestadbrygga og det blei klart at det blir jolebutikk der frå midten av november til godt ut i desember. Handtverk og kunst av ymse slag, kaffe, vaflar og gløgg, samt diverse temakveldar står på plakaten. Eg kjem til å stille med byggeklossar, uidentifisert smånips og joletrær. Seistnemnte er akkurat tørre etter å ha blitt dyppa i kvit beis og skal lakkast ein gong før dei er ferdige. Men eg måtte skunde meg å bruke bakgrunnssnoen før han blir borte att.

Reklame

Wefald by Night

 

Mus i vårt hus

Denne bildekrusellen krever javaskript.

1-0 til Berte

Må ein så må ein.

 

Av og til er det alt for langt å kjøre til nærmast byggevare. Og for lenge å vente til eg har eit anna ærend i dei traktene. Døra må på plass i dag, og då er det fint at eg har meir enn skarpe knivar i skuffen.

Ekstraarbeid, kveldstilegg

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Miranda har komi over ein tube med kvakksalve, og kvar ettermiddag smører ho og dei tre nyinnflytta endane seg med tolmodighet og legg seg til å sove i dammen som oppstår på jordet i anledning dårleg vær i påvente på betre. Og kvar kveld må eg iføre meg vadebukse før eg tek på meg hovudlykt og ber med meg ein staur for å få dei nedrima, anspente og lite samarbeidsvillige fuglane opp av vatnet og inn i låven. Det er mykje meir tungvindt enn å bare stenge låvedøra bak dyr som har gått inn og lagt seg sjølv, så eg ventar spent på dagen då rutina er innøvd og dette går av seg sjølv att. Slik det gjorde før Andrè og dei to nye andefrøknane flytta inn. Eg tør nemleg ikkje å la dei sove ute. Ikkje bare frys dammen att kvar natt, det er også barnelærdom at reven raskar over isen, og eg syns det er merkeleg at dei ikkje bryr seg.

Tre mødre som ikkje er mødre

Det høyrer med til hønsehistorien at den store nye hanen ikkje blei  anskaffa for å nedkjempe min kjære lille GaleMatias. Det er bare det at han er reint fysisk alt for liten for hønene mine. Han har ein aldeles sørgeleg treffprosent, og av nærmare 40 egg som er førsøkt framruga, under høns og i maskin, har det komi tre kyllingar. Det er litt lite. Eg handla jo 11 kyllingar i fjor. Blant dei var det fire høner, resten hanar. Og så forar du og forar du, og etter eit halvt år dukkar dei første egga opp. Omtrent eit annankvar dag pr høne. Og det er greit. Men så tek dei seg nokre rugepauser på godt og vel fire veker der det ikkje kjem korkje nye egg eller kyllingar. Det er tafatt. Og ergo blei den nye hanen invitert til gards. Med eit håp om støre rekrutering til hønseflokken.

Nå tok også GaleMatias nederlaget som ein gentlemann. Han innsåg sine begrensningar og hoppa dagen etter ned frå vagla som vanleg og helsa den nye dagen og dei nye mogleghetane velkommen. I løpet av dei vel to vekene den nye hanen har budd her har GM blitt ein ny og endå trivelegare utgåve av seg sjølv. Sidan han ikkje treng å vere så innmari oppesen lenger, har han byrja å utforske sine mjukare sider og trivest godt på fanget.

Men Patuppa og Lillemor, dei to hønekyllingane eg fekk fram i rugemaskina i byrjinga av summaren, er framleis like ekskluderte frå det gode selskap. Prepubertel og morlaus er du utan rettighetar i eit hønsesamfunn. Langt strekare kjem den nye lille fjørballen til å vere i møte livets utfordringar, assistert av tre henrykte fostermødre som alle låg på det same reiret under trappa. GaleMatias er far, men eg trur den eggleggande mora er den einaste av dei som ikkje har ruga.

Her er Patuppa og Lillemor ute for fyrste gong. Bikkja har absolutt ingenting imot fuglar generelt, men den nye hanen er ho relativt irritert på. Ho er også litt usikker på kva ho skal gjere når Miranda framleis luggar henne i forbifarten, men landar som regel på å «hoppe på stjert»

To hanar i korga

GaleMatias kjenner instinktivt at livet hans er i ferd med å ta ein ny vending. Ei kasse fulle av klukkelydar er blitt satt ned på tunet. Han gidder ikkje å gå nærmare, men strekker halsen for å få eit betre overblikk.

I det lokket blir løfta av hoppar den store kjempen frå Skåtøy ut på graset. Deretter byrjar han å virre rundt som ei hovudlaus høne. Matias har ikkje sett ei, men han har både nok erfaring og fantasi til å gå god for ordbruken. Nykomlingen går seg inn i ein rull med hønsenetting og blir ståande fast. Til nå er det ingen trussel knytt til dette møtet. Ein stor, klønete tosk kan gjerne flytte inn. Han kjenner hønene sine godt nok til å vite at dei ikkje vil falle for ein slik tulling.

Men når den enorme, kvite fuglen har fått samla seg, og har fått hjelp til å kome seg ut i frihet att, blir det openbart at den lille dvergen har misstolka situasjoen. Ikkje bare er den nye hanen særdeles staseleg. Han ber også på ein autoritet han trudde han var aleine om å inneha. Idet dette verkeleg går opp for han ristar han på hovudet og dreg luft langt ned i lungene. Han veit kva som må gjerast, men han blir også slått av sterk tvil. Det må jo vere rein galskap å gå til angrep på eit slikt beist. Han er minst dobbelt så stor som han sjølv. Men han har trass alt ikkje noko valg. Om han ikkje prøvar seg på å behalde rangen vil han tape ansikt. Det er det verst tenkelege av alt. Skam? Heller dø.

Så han spaserar bort til sussexen, prikkar han på skuldra og spør om det er slik å forstå at han har tenkt seg å bli her? Det blir høflig, men kanskje litt arrogant bekrefta. Dessutan får han høyre det han ikkje vil høyre; Det er så mange bra damer her.

GaleMatias iverkset «Aksjon Grisebank»

***

Det gjeng som det må gå. GaleMatias lid eit knusande nederlag og gjeng til sengs tidleg. Han er lei av denne dagen. Drittlei. Hanekammen er sår og stiv. Ansitet er moglegvis borte (det er vanskeleg å sei med alt dette blodet over alt) og hønene er for alltid tapt.

Jeg vil bygge meg en gård. (Ein framdriftsplan)

  • Med en hage utefor.
  • Eng og åker må der være.
  • Lam og sauer bak et gjerde.
  • Og så bygger jeg til sist, rødmalt hus med trapp og kvist.
  • Fjøset skal stå like ved
  • Der skal være plass til tre brune kuer. Som jeg steller alle morgener og kvelder.
  • Og i stallen står en hest som jeg liker aller best.
  • Gjess
  • Og høns
  • Og gris er bra
  • Og et stabbur (frysar) vil jeg ha
  • Der skal stå i lange rekker, fulle tønner, tunge sekker (e.l.).
  • Og så trenger jeg en pus, som kan fange stabbursmus.

 

Avviksskjema: Huset har aldri vore seist. Huset var snarare utgangspunktet. Og fargen er heller ikkje aktuell.

 

Nå he eg sau au.

I går blei eg sauebonde.  Då veksla eg inn skattepengane mine i seks grå trøndersauar, henta i Tinn. Tre og ein halv time dit, tre og ein halv time hit.

Det var allereie blitt ganske seint då sauane var på plass bak gjerdet. Og husets fuglar hadde gått glipp av begivenheten. Det var derfor ein nysgjerrig flokk som vagga ut på tunet i dag. Og dei var ikkje så reint lite nyfikne dei på andre sidan av gjerdet heller. Også den frittløpande kanina tok seg ein tur ned til gjerdet for å sjekke kva som befann seg nedanfor den lille skråningen.
Det er ein stillferdig gjeng. Dei ropar ikkje, dei taggar ikkje, dei veltar ingenting. Dei jagar riktignok katten, men det gjer jo alle her til gards. Alle bortsett frå meg.

http://www.trondersau.no/69325324

Denne bildekrusellen krever javaskript.