Hildegunn Lassemo

-byrje å leve

Måned: juli, 2012

Miranda er ikkje liten lenger.

Reklame

Pause

Nå må ingen blir forleda til å tru at ein taus blogg er synonymt med at det er  lite å skrive heim om. Snarare tvert imot. Sommaren på småbruket er eit hektisk foretak. Ikkje bare betyr ferie og fritid for folk flest, at eg har meir jobb enn til andre tider av året. Eg jobbar nå fem og seks dagar i veka. I tillegg kjem det ungar i helger og pappa har komi ein dag i veka for å hjelpe meg med å rive ned det timra, råtne fjoset inne i låven, slik at eg kan bygge opp att ein verkstad. Gras skal slås og tørkast for komande kaninforingar, ved skal kløyvast og sekkast, bikkja skal vandrast, helst godt og vel. I blant må også huset sjåast over, og mat skal fortærast. Gjester skal husast, andungar skal flyttast og kaninbur fiksast. Og endå har eg ikkje komi i gang med å flikke på låvetaket eller måle ferdig husveggane.

Eg tek stadig bilete, av dette og hint, i eit ærleg håp om at eg skal ta det att ein gong. Men det freistar ikkje i bruke den sparsommelege tida mellom dagens gjeremål og kveldens rutiner til å prestere ytterlegare. Tankane mine er ikkje friske, hovudet er utlada. Sommartider hei hei, sommartider.