Gjerder
Trea eg hogg og barka i vinter har i løpet av sommaren teke form som gjerdestolpar og slåter. Ved å lage gjerder av dei har eg klara å definere kva som skal vere plen, kor sauane som snart kjem skal gå og kor fjærkreet primært skal halde seg. (når gjerdet er ferdig) Huset mitt ligg dermed ikkje lenger på ein prærie. Eg har fått tun, noko eg lenge har sakna. Gjerder høyrer med til kulturlandskapet, og er ein viktig del av ein levande gard. Der det er dyr bør det vere gjerde. Og når beitedyra kjem forsvinn krattet. Snart vil det bli meir luft og mindre lauv her. Det er for meg strålande nyhetar.