Hildegunn Lassemo

-byrje å leve

Typisk

For eit år tid sidan byrja eg å fortelje folk at eg ikkje ville ta på meg nye snekkaroppdrag, men at eg skulle gjere meg ferdig med dei eg lova å gjere. Det kosta meg ein god del å bruke kjøkkenet og mi sterkt begrensa fritid til å gjere ferdig bokhylla i bjørkefiner, men til slutt kunne eg sjå den reise ut av tunet, rydde kjøkkenet for sagflis, verktøy og pusseklutar.  Det var derfor veldig trasig åtte månadar seinare å få telefon om at kantlistane hadde sleppt, og at dei var i ferd med å dette av nokre stader. Overflatebahnadlinga og smeltelimet på kantfineren har nok jobba mot kvarandre, og fineren har svella i sommarens luftfuktighet, blitt lenger enn kryssfineren og nå bukta han seg som Seljordsormen langs hyllekantane. Då var det bare å demontere hylla, produsere nye kantlistar i heiltre, sage av dei gamle kantlistane og lime på nye. Fem dagar utan lønn, det er lett å bli sur, men det hjelper så fint lite. Eg må jo bare rydde opp etter meg. Derimot kan eg velge å endre fokuset, eg kan fortelje ei historie om hjelpande hender.

Ei på jobben tok den eine vakta for meg slik at eg kunne få fire samanhengande arbeidsdagar tilegna snekring. Mi fantastiske mor hadde sagt seg villig til å passe hus, bikkje og buskap for meg mens eg var borte, ikkje ei lita oppgåve med tanke på hennar manglande rutine og at min tolmodighet med dårlege løysingar gjer at den dagleg drifta er både tidkrevjande og fysisk tung. Eg skulle altså pakke bilen og bu hos ei veninne av meg med verkstad, slik at eg kunne egne meg heilt til reklamasjonsjobben utan å bli avbroten av noko anna. Bare henge med fadderungane mine, tre perler på ei snor, drikke te og prate om gamledagar og framtidsplaner etter at dagens økt var ferdig. Det skulle bli fint å snekre litt igjen også, eg syns jo at det er moro. Og nå var jo ikkje tidspresset og økonomi lenger eit tema. Ironisk nok gjorde det meg glad å snekre gratis..

Fyrste morgonen, etter ein god frokost hadde eg bare fått dimensjonert kantlistane og tatt av meg hørselvernet då det blei ropa til meg at eg måtte ringe mamma. «Ullrik, veiren, driv med hærverk på alt og alle!» Eg ringte avløysaren min og forsto at det var alvorleg, det var så mykje redsel i andre enden av telefonen at eg fekk heilt vondt. Ein sau hadde gått på feil side av gjerde, så mamma hadde gått ut med ei bøtte kraftfôr for å lokke den inn. Det var desverre bare ikkje kva slag sau som helst, det var Ullrik. Sjølv kjenner eg alle sauane på utsjånad, og eg har såpass respekt for veiren at eg har med bikkja når eg skal handtere han. Men denne gongen var bøtteberaren fritt og uforberedt vilt og ho blei stanga i bakken på nysnokledd stålis. Deretter hadde Ullrik gått inn i fjoset og starta ein tvekamp med  Tammel på kvar si av ein innredning som hadde begrensa haldbarhet etter eit anntal treff med harde saueskallar, og nå sto dei i Emils boks og skalla laus på kvarandre. Eg lova å kome, mildt sagt oppgitt over situasjonen. Det er jo skvær umogleg å legge ein einaste plan, det er alltid noko som går på tverke!

På veg heimover tenkte eg på alternativa. Husarrest inntil eg kunne få slakta han? Omplassert han? Altså, han er ein utruleg staseleg kar, og relativt rolig til veir å vere. Med eit gjerde i mellom er han reint hyggeleg. Men altså ustabil. Han var av dei opprinnelege sauane mine og derfor var affeksjonsverdien også til stades. Men eg har bruka han på dei fem opprinnelege sauane tre år nå, og har måtta ordne med to hannar til ein skikkeleg liten besetning, så det var absolutt ikkje praktisk å ha han lenger. Eg bestemte meg for å svinge innom ein sauebonde på vegen for å høyre om ho kunne hjelpe meg med å få slakta han, det var det beste.

Ho sto med traktoren i gang og festa brøyteskjæret for å gjere seg klar til det meldte uværet. Då eg forklarte situasjonen gikk ho inn og sa frå til familen sin at ho blei med meg, henta boltepistolen og så kjørte me til småbruket mitt. På veg inn på gardsvegen min mista bilen heilt styringa på det vanskelege underlaget, og bilen sklei sidelengs ut på jordet, med eit hjul på kvar side av vegkanten. Bom fast.

På tunet gjekk me gjennom dei praktiske løysingane, og eg ringa ein kubonde i nabolaget for å høyre om han kunne: 1. dra opp bilen min og 2. heise opp sauen mens me slakta han. Også han var ute og fiksa ting, men han kunne kome om ein halv time, og då ville han ha med ein rundball til meg også.

Ullrik var utmatta etter all slossinga, men hadde krefter nok til å dundre inn i Tammel endå eit par gonger då den mindre og snillare veiren snudde seg for meg for å søke trøyst. Derimot var det lite uvilje mot meg og det var vemodig å leie han ut på tunet. Ikkje tenke, ikkje tenke, bare lukke augene mens sauebonden trekker av boltepistolen som er forsvarleg plassert i panna hans mens han et kraftfôr. Ein bolt perforerar skallen hans og han er borte frå denne jorda utan å få sukk for seg. Så kuttast halsåra for at blodet skal pumpast ut av kroppen av hjartet som slår endå nokre gonger, deretter kjem krampene , og så ligg han stille. Like brutalt kvar gong, men dyret sjølv er ikkje vitne til det. Det er borte i det patrona går av.

Snart kom den andre bonden, bilen blei  berga og Ullrik blei heisa opp i frontlessaren på traktoren slik at resten av jobben gikk greiare. Eit enormt skinn blei salta og ein stor saueskrott skal bli til fenalår og pølser. Så var også Ullrik historie, men heilt ærleg er det veldig lettvint og praktisk utan han.

Det eg sit att med etter denne  utypisk typiske dagen, som eg så gjerne skulle ha bruka til det den var tenkt til, altså reklamsjonssnekring, er ein veldig takknemmeleghet og respekt for bøndar (og mødre, mamma, det skal du vite.. ) Eg avbraut begge i gjeremåla deira. Nei, dei har ikkje arbeidstid, men alt må gjerast, og blir det ikkje gjort nå, så med det gjerast seinare. Men begge stilte opp utan å dra på det. Utan å gjere seg kostbare. Utan å forvente noko tilbake. Og eg er så glad for at det er dette som er den verkelege verda, at desse verdiane lever ennå. Og at dette livet er mitt.

Nei, eg blei ikkje ferdig med bokhylla desse dagane her heller. Men eg kom eit godt stykke på veg. Så takk for hjelpa, til kollega som tok vakta mi, mamma som passa småbruket mitt, sauebonden og kubonden for hjelp og grønsaksbonden for losji og verkstad i fire dagar.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

 

Reklame

Starten

Det er jola i det året som har handla litt mindre om det å vere småbrukar enn det å vekse og bli sterkare som menneske. Og det har vore eit fantastisk eventyr. Eg har grave i minna mine, historiar eg har lagt vekk i mine mest avsidesliggande krokar og eg har avdekka mykje som eg trudde eg hadde gløymd. I vår kom eg til å tenkje på boka om Teskjekjerringa og Kvitebjørn Kong Valemon av Alf Prøysen og illustrert av Borghild Rud. Eg såg rundt meg på småbruket mitt og kjente at eg på mange måtar var i mål. Blomar, gjerder, kulturlandskap. Alt eg hadde jobba for låg framfor meg og glitra i vårsola. Eg ba mamma leite i bokhylla for å finne denne boka, slik at eg kunne sjå etter om fasiten min stemmer. Og om ikkje bileta var like klare og livaktige som eg hugsar kan eg sei at det er ein slåande likheit med terrenget i kongeriket mitt.

Denne boka har, utan å overdrive, altså prega mitt liv. Bileta var så fulle av fred, og glede og harmoni at dei blei min dagdraum, mitt mål når eg flykta innover i tanken, vekk frå alt som gjorde meg redd og usikker. Då eg skreiv min fyrste stil om framtidig yrkesval på barneskulen, og skreiv at eg ville bli bondekone var det Teskjekjerringa eg prøva å teikne som tekstillustrasjon. Denne boka var mi redningsbøye, så takk til Borghild Rud, ho gav livet mitt ein retning.

Samtidig har eg nå endeleg lært at sjølv om det var menneske som tok frå meg tryggleiken, så er det også menneske som gir meg han tilbake. Korkje blomar, dyr eller gamle tømmerhus kan gi meg det. Men det er ein kanal til å samle gamle og nye gode folk, og livet blir stadig rikare, meir fargerikt og strålande.

Tusen takk for året som er gått, eg gledar meg til det neste.

 

Beklageligvis har eg klart å hoppe over ei side. Men den sida har ingenting med mitt småbruk å gjere.

Du skal ikkje drepe.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Dette oppfølgaren til «Reddharen», frå desember 2013. Tryggleiken som har vekse fram i etterkant er formidabel, og det som var forferdeleg sårt den gong er nå ikkje hemmelegstempla lenger. Eg hoppa fort over til neste post «Lykke» som i kjappe trekk beskriv helbredelsesprosessen. Eg står heilt inne for den, den er riktig. Men eg hoppa over ein del ting, for endå var det for vondt og samtidig var det veldig viktig for meg å bli kvitt offerrolla så fort som råd, eg hadde jo aldri bedt om å bli eit offer.

Men eg har jo vore det. Eg har blitt frårøva essensielle verdiar i livet; eit sunt sjølvbilde og tillit til andre menneske. Men det tilhøyrer fortida, eg er fornya og heil, men ikkje desto mindre opprørt over at mobbing er eit så utbredt problem.

Eg har nok alltid vore ein det er takknemmeleg å erte. Eg var allereie som liten ein tenkar, og var oppteken av å bli tatt på alvor. Eg tøysa ikkje. Om eg sa at «nei, eg har ikkje kjærast», og dei vaknse sa «jo da, det har du sikkert ;)» blei eg usikker, rødma og tenkte kvifor kan dei ikkje bare tru på meg, eg lyg jo ikkje? Eg var veldig stille og sjenert. Dette skriv eg meir for å forklare mennesketypen eg var som liten. Slik at de kan kjenne den att om de møter ein av oss.

Resultatet av menneskefrykten min var at eg måtte velge å ha tillit til folk. Når ein ikkje har naturleg tillit, må ein velge å leite etter alles gode sider. Eg evna ikkje å dømme nokon, eg ville like folk og eg fann alltid noko å like. Det er eg veldig glad for. Svakheten med denne tilnærminga er at eg ikkje klarte å plassere skuld heller. Alle som hadde gjort dumme ting hadde alltid ein grunn til det, hadde ei historie. Eg forventa ingenting av nokon, for då kunne eg ikkje bli skuffa. Samtidig var eg veldig opptatt av å halde løfter eg hadde gitt, for min eigenverdi besto av det eg presterte. Eg har blitt eit typisk ja-menneske. Eg seier ja til alt,  fordi eg trur at ett nei enten kan såre den som blir avvist, eller at min verdi krympar når eg ikkje gjer det folk ber meg om. Og eg kamuflerte sårbarheten min med å bli tøff. Det er jo klassisk. Men eg ville ikkje bli slem, eg ville ikkje påføre andre nokon smerte, så eg isolerte meg heller og gjorde meg sjølvstendig. Eg ville klare alt sjølv. Eg la eit skal av lys over mørket mitt, over misstilliten og tilkortkommenheten. Eg tok på meg ei stor oppgåve for å halde fokuset på noko konkret og gjekk i gang med å redde verda. Eg gjorde det såpass bra at eg fekk gode skussmål frå Erik Dammann (Fremtiden i våre hender) og Lars Løvold (Regnskogfondet) men lista over dommedagsprofetiar blei etterkvart så lang at håpet om å lykkast svant. Og ikkje kunne eg klandre nokon for det heller, for det var jo ingen som gjorde noko slemt med vilje.

Og så var det det gjengåande problemet at eg mot min vilje tydeligvis hadde draget. Eg fiksa det ikkje, for eg stola ikkje på nokons hensikter. Dei kjente meg jo ikkje, dei hadde bare dømt meg ut frå det dei såg og det eg let dei sjå. Eg klarte knapt og omgås meg sjølv, eg eigde ikkje fortruleghet til dei og eg var overbevist om at dei ikkje ville respektere meg. Eg avskydde meg sjølv for tydelegvis å vere inviterande på eit eller anna besynderleg vis, eg tilbaud jo aldri noko anna enn venskap. Og når nokon i beste meining ville spleise meg med den eller den, blei eg uvel og opprørt over at dei eg rekna for nærmast og som eg stola mest på heller ikkje kunne respektere grensene mine. Dei gongane eg blei forelska let eg meg dagdrøyme om respekt og tillit i hemmeleghet og med gode sikkerhetsmarginar eit par veker, inntil eg fann ut at det var best å sjå realiteten i augene og skyte drauen i bakhovudet ein gong den såg bort.

Også komplement for at eg var så tøff og flink og sterk blei flippa rundt av ein fordreiningsnisse som jobbar med slikt. Kvar gong sank det hjarta mitt, fordi eg visste at folk hadde sett skalet mitt og det var det dei skrytte av. Dei beundra festningen, ikkje det eg vokta mot nye angrep. Og eg tenkte at dei skulle bare ha visst. Eg er jo så redd. Så redd for kjærleiken.

Dette kaoset av tankar og kjensler levde eg med til eg blei godt og vel 30, og det er resultatet av  lærarmobbing i tenåra. Dei største problema har jo fint latt seg unngå bare ved å styre unna nære relasjonar, men det er jo ikkje slik det skal vere.  Å skade eit menneskesinn er å ta liv, for kva er eit liv om ein ikkje tør å leve det?

Kanskje syns nokon at eg er litt i overkant personleg nå. Eg skriv det ikkje for å gjere meg interessant. Men eg trur det er viktig og fortelje heilt konkret korleis det er å ha vonde tankar. Nå kan eg formidle det, det var eg heilt ute av stand til den gongen det sto på. Om denne historia kan hjelpe pårørande eller dei det angår, eller endå betre: få mobberane til å innsjå kor stor skade dei gjer, vel då er den ikkje bortkasta.

 

 

 

 

Buskevekst

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Opprørt kjefting frå hasselbusken min i går gjorde meg klar over at to ekkorn, ein flaggspett og denne småbrukaren hadde minst ein sammanfallande interesse. Takka vere  overlegen høgde, tyngde og armlengde fekk eg berga det eg meiner er ein rimeleg del av nøttehausten.  Ferske hasselnøttar er nok det beste norske trær kan by på. Det meiner i allefall vi fire.

Kaste alle papirene? Nei, ikkje alle.

SAM_0449

 

Ti år gamalt skuffefyll kan fylle skuffen ti år til 🙂

Fornuft og følelsar

SAM_9822

Altfor mange lause ting, altfor mørke krokar, altfor mykje
skummelt rot, altfor store flokar, altfor store rom, altfor mange ord,
altfor mange gode råd gjev altfor mykje å tenkje på.

*****

I dag tidleg, ein halv time før sommarens seiste besøksgarddag skulle vere i gang, fann eg ei av avlskaninene mine i kramper i buret sitt. Eg hadde vore redd noko ville kome til å skje iom at eg hadde sett henne med litt skeivt hovud noko tidlegare og var klar over at avliving sto på trappane, men eg trudde ikkje det hasta meir enn at eg kunne få nokon til å hjelpe meg med det snart. Men nå var det ikkje tid til å få nokon til å hjelpe meg, og det var heilt uaktuelt å la henne vere i den situasjonen lenger. Eg har avliva gamle industrihøner her tidlegare, slike som takka vere komersiell avl etter store og mange egg har kolapsa og gått med eggstokkane utanfor kroppen. Men denne gongen var det anleis og nå måtte eg krysse ein terskel.

Ho var ein veldig snill kanin, tillitsfull og kjælen, ein av dei mest påhelsa og håndmata kaninene i sommar. Med nydelege, store auger og mørk, mjuk fløyelspels. Det baud meg imot å vere bøddelen hennar.  Når eg likevel klarte å ta livet av kanina var det fordi eg hadde lagt kjenslene mine til sides. All fornuft tilsa at det var det rette. Ho slapp unna fleir lidingar, bikkja får middag nokre dagar og skinnet ligg til salting. Litt over opningstid var kanina rydda opp og blitt historie.

Bagatelliserar eg kanina? Er eg kynisk? Eg får eit umiddelbart behov for å forsvare handlinga mi, beklage at eg evnar å ta livet av eit dyr.

Eg er av natur eit kjenslemenneske. Eg tek inn stemningar, les situasjonar ganske fort og brukar sanseapparetet mitt aktivt. I tillegg tenkjer eg mykje. Og før eg fekk meg eit småbruk med ekte dilemmar og problem (men dermed også ekte løysingar) tenkte og følte eg meg inn i dei mørkaste avkrokar. Eg tenkte og følte lyset ut av livet mitt. Og eg trur ikkje dette gjeld bare meg.

Mi meining (altså synsar eg, og har ikkje fasiten) er at me i dag i alt for stor grad let oss styre av dei sterke kjenslene. Me må føle noko heile tida, me blir høge på adrenalin, oxytocin og endorfin. Me kan også bli avhengige av sorga og mørket vårt. Eg for eksempel hadde eit indre bilde av meg sjølv som ein krigar full av arr. Heile meg var full av merker etter kamp, og eg syns det var veldig passande at både Hilde og Gunn betyr strid. Eg fann styrken til å sloss, men det var mot gleden og håpet, for eg, eg las overskrifter. Me er ein generasjon som syns det er vansleg å forplikte oss og ta langvarige valg. For kva skjer når me byrjar å kjede oss? Me meiner høglytt og uforsonleg i kommentarfelt og på sosiale medier. Me er så avhengig av å føle noko at me hoppar frå den eine kjensla og over på den andre.  God eller dårleg, samma det eigentleg. Men kjensler er ikkje alltid til å stole på. Avhengig av erfaringar og bakgrunn vil kjenslene vere ulik frå person til person, og ingenting å feste lit til. Ei rekke folk der ute er livredde for edderkoppar, men det gjer ikkje edderkoppane farlegare av den grunn.

Kor vil eg med dette?  Eg vil bare sei at livet ikkje treng å vere så komplisert. Eg har sett liv kome og gå, og det går eigentleg ganske fint for seg. Det ordentlege livet er ikkje her framfor skjermane våre. Me har godt av å ta kontroll over kjenslene våre, ikkje la dei kontrollere oss. Kjenslene skal vere krydderet i livet vårt, ikkje maten.  Me treng å ta fornuften tilbake.

 

Halve jobben

SAM_9626

 

Då eg var på Felleskjøpet nå på laurdag måtte eg handle meg eit nytt greip til 600 kr, sidan det eg hadde knakk i fjor. Godt reidskap er halve jobben seies det. Men når jobben er å spa 6,5 m3 hardpakka og illeluktande talle, syns eg personlege eigenskapar burde vurderast høgare. Eg bare nemner det.

Motivasjon

SAM_9049Alle som har levd saman med eit dyr veit at det formidlar kjensler og at det har temmeleg sterke behov. Og det gjeld alle levande vesen. Også «dei dumme sauane». For meg er hovuddrivkrafta bak min livsstil å produsere mat med stor livskvalitet. Kvantumet er lite, men mitt bidrag er ikkje uvesentleg. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Denne motivasjoene er så sterk, eg kan ikkje tenkje meg noko meir meiningsfult enn å leve saman med dyr og natur, og ikkje på tvers av dei. La meg bare fort konstatere at eg er villig til å betale mykje for at kjøtet eg et skal kome frå dyr som har levd meiningsfulle liv.

Kaninene mine lever i store bur. Eg prøva å ha bingedrift, men det førte mange konfliktar og så mange skader på dyra, at eg forsto at bur var betre for dei. Dei står derimot ved sidan av kvarandre og har visuell kontakt med naboen sin. Hoene får to kull på sommaren, iom at eg ikkje har varmt nok vinterlokale for vinterborn. I løpet av eit år et dei fôr for 7.500, og eg brukar 1.500 på flis og utstyr. Salget av kaniner sørgar for ein inntekt på 11.000, eg tener altså 2.000 på kaninhaldet. For å auke inntektene må eg skjære ned på dyrevelferda. Bura kan bli mindre så eg får plass til fleir dyr, eller eg kan la hoene få fleire kull i løpet av sommaren, og slik bruke opp kroppane deira i løpet av eit par år.

Sauane mine, dei seks eg kjøpte hausten 2012 kosta meg 15.000 i innkjøp. Eg fôra på dei eit år for rundt 8.000 i kraftfôr, og då fekk eg høyet eg trong av naboen min. Øyremerker, medisinar o.a utstyr var på rundt 2.000. Altså hadde eg utgifter på 25.000 det fyrste året. Eg selde tre lam for  6.000, og auka verdien på besetninga med like mykje ved å spare tre lam. Likevel gjekk eg 13.000 i underskot.

Når andre år er over vil eg ha kjøpt kraftfôr og utstyr for 13.000, eg får framleis høyet gratis. (!) Salg av lam (alle i år iom at småbruket mitt ikkje har plass til fleire dyr) vil generere ca 18.000 og eg vil gå 5.000 i overskot. Underskotet frå i fjor blir dermed redusera til 8.000.

Eg brukar ein time på fôringa kvar dag, dersom eg har skikkeleg dårleg tid og må forte meg gjennom rutinene. Men alle dyra er jo så pratesjuke og kontaktsøkande at det fort forsvinn ein time til bare til kløing og handtering. Det fører til at eg får tillitsfulle dyr som ikkje blir stressa ved flytting eller slakting. Det er fint for dei og betryggande for meg. I tillegg kjem gjerding, bygging av innredningar, rensing av bur, spading av talle..

I vår tok eg andre bøndars oppfordring om å søke produksjonstilskot på alvor. Eg kan det, iom at møbelsnekring, besøksgard og kjøtproduksjon er registrera på same org.no og omsetjinga er på over 50.000 i året. Det betyr at eg kan søke om ein drøy 1.000-lapp for kvar vinterfôra sau.

Gjer dette meg lat? Gjer dette meg til ein snyltar? Eg føler ikkje det. Eg dreg min del av lasset og sørgar for at nokon kan ete middag med god samvittighet, vel vitande om at dyra dei tygger på har hatt det bra mens dei levde. For alt det det er verdt.

Eple

epleblomar

I år som i fjor er det sjølvsådde epletreet mitt fult av blomar. Dei fyrste åra eg levde her var eg usikker på kva slag tre det kunne vere, for det var endå veldig lite. Eg er ganske god på skogens vekster, men å skille hagetrærne frå kvarandre sit ikkje i fingerspissane endå. Ein trost har sannsynlegvis eti frukt frå eit tre i nærleiken og så har han bæsja her, og i ein startpakke av gjødsel blei eplesteinen lagt på bakken bak låvebrua. Fordi vesttilhøva var gode nok spira frøet og treet byrja å vekse.

Til trass for ein mengd med blomar blei det bare eit eple i fjor, men eg rakk i allefall å ete det sjølv før fuglane kom og tok det. Kvifor blei det bare ein frukt? Truleg fordi det er for langt unna neste epletre og at denne sorten treng krysspollinering.  Ellers var våren i fjor heilt fin for bestøving av fruktblomar her. Varmen og blomstringa passa fint med at innsekta gjorde inntog. For utan innsekta skjer det ingenting. Det er dei som flyttar blomsterstøv frå hannblomane til hoblomane, slik at plantene kan få born. I tillegg kjem det ei kritisk tid etter blomstringa, når blomen sakte men sikkert knyter seg og blir eit kart. Dersom det kjem ein kuldeperiode då, med kalde nettar og frost, kan blomane dø og fell til bakken. Då er sjansen til å reprodusere seg borte for i år. Men trærne lever lenge og neste år kjem det nye moglegheitar.

Litt mindre avslappa er fruktbonden til dette fenomenet. For han betyr det at han ikkje får pengar frå næringa si i år. Men jamne mellomrom kjøper han inn og byter ut frukttrærne sine for å heile tida ha trær som produserar godt. Frukttrær er som regel sett saman av to ulike trær, der rota er frå ein type som er godt egna til det lokale jordsmonnet og klimasona på staden (landet vårt er dela inn i åtte slike soner), og ein fruktberande krone av ynskt sort som er poda inn på rotstokken. Plommetrær må beskjærast seint på hausten når sevja har dratt seg tilbake til rota for at ikkje treet skal blø ihjel. Dei andre frukttrærne skal skjærast før sevja stig, mellom sein vinter og tidleg vår. Dette gjerast for at trærne ikkje skal gå bananas og bruke næringa og kreftene sine på å bli eit stort tre, men konsentrere seg om å lage store, saftige frukter. Eit ubeskorent tre vil lage mengder av små epler, slike som me kjenner dei frå bestemors hage e.l.  Utover det beskyttar bonden avlinga si mot sopp og sjukdom ved hjelp av sprøytemiddel, og mot fuglar ved hjelp av nett. Og om er det hardt regn over lang tid er det vere naudsynt å setje opp presseningar over trærne for å berge frukta. Men det er jo også eit økonomisk spørsmål. Er det forsvarleg å investere i eit tak?  Veit han at han får igjen det han satsar?

Også fruktbonden treng å ha ein økonomisk tryggleik, han må vite at han i det minste har ein sikker minsteinntekt  i form av stønad frå samfunnet. Det skulle bare mangle. Norsk frukt er jo så deilig!

Grisen og levemåten hans.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Det var ein gong grisen var lei av levemåten sin, og så fekk han det for seg at han skulle til tings og få dom for ein ny levemåte. Han fekk prøve lykka han som andre, anten det blei til det tynne eller det tjukke.

«Kva er det du har å klage over?» spurde skirvaren.

«Å, eg er så lei av levemåten min, far» svara grisen. Hesten får havre og kua får mjøldrikke, og så ligg dei tørt og godt i bås og spilltau attpå. Og eg får ikkje anna enn skuler og skyllevatn. Om dagen vassar eg i søyle, og om natta ligg eg og rullar meg i lort og våt halm. Er det rett og rettferd i slikt, skrivar?» spurde han.

Skrivaren fann at grisen førte saka si greit. Så leitte han i bøkene sine og gav grisen dom for ein ny levemåte. «Det er urimeleg at du skal ha det så mykje strengare», sa han. «frå no av skal du få kveite og erter og ligge i silkeseng.»

Ja, grisen takka og var så glad at han visste korkje natt eller dag. Og heile heimvegen gjekk han og mulla og smågrynta: «Kveite og erter, og ligge i silkeseng! Kveite og erter, og ligge i silkeseng! Kveite og erter, og ligge i silkeseng! »

Vegen gjekk gjennom nokre skograbbar og oppi eit holt låg reven og lydde på. Og han skulle nå straks utpå med fantestykka sine att. Og så til å pipe, fint og skarpt: «Skuler og rask, og ligge i boss!

Grisen brydde seg ikkje om han, men heldt på sitt: «Kveite og erter, og ligge i silkeseng! Men det dreiv på: «Skuler og rask, og ligge i boss! Skuler og rask, og ligge i boss! Skuler og rask, og ligge i boss!» Og til slutt seig det i grisen, og han byrja å ta etter.

Då han kom heim, spurde dei han korleis det hadde gått på tinget. «Fekk du dom for ein likare levemåte?» sa dei.

«Ja-vel. Ja- vel» sa grisen. «skuler og rask, og ligge i boss! Skuler og rask, og ligge i boss!

*******

Små bruk er ikkje nødvendigvis einsbetydande med god dyrevelferd, men eg vil påstå at store bruk slett ikkje er det. Dyras behov er på mange måtar veldig like våre. Å vere mett betyr ikkje automatisk at me har det bra. Dyra er født med ulike personlegdomar og ulike behov. Eg ser det på daggamle lam, kven som er tøffe og kven som er skeptiske, kven som vil ha utfordringar og kven som vil ha tryggleik. Eg ser det på hønene som ofte spaserar i par som gode vener, mens andre treng rom og vil helst vere i fred. Grisane Svanhild, Jørgen og Vidar var ein eigen liten gjeng, mens lille Hr. Brokk var ein trufast etterdiltar som ville ha kos. For produskjonsdyras skuld er eg redd for regjeringas forslag til jordbruksoppgjer. Dyra treng å bli sett. Mens dei lever er dei ingen vare. Ikkje før hjarta har slutta å slå er dei eit produkt. Det er fyrst då dei blir kjøtt. Bonden skal forvalte liv, råvarene våre gir respons, og alle involverte har ein smertegrense.

Eg nektar å godta at ein må bli så mykje støre for å bevise at ein er ein god bonde. Eg vil ha aksept for verdiskapingane som blir gjort, men som ofte har ein ikkje målbar verdi. Me har ikkje råd til å miste bøndane og matproduksjonen vår.

Eit levande landbruk fungerar som ein beredskap ved kriser. Me kan ikkje vere sikre på at me får importert all maten me treng på lang sikt. Me kan det nå, men me ser ikkje rundt neste sving. Å brakklegge bygdane er farleg. Å bygge ned matjord med kjøpesenter er risikabelt.  Mat må produserast der det er mogleg, ikkje bare der det er mest lønnsomt akkurat nå, og det gjeld like mykje globalt som lokalt. Me treng bredde og variasjon i produksjonsformer og geografisk plassering. Og maten kan godt bli dyrare, for me kastar faktisk eteleg mat for 14 milliardar, eller 255.000 tonn, i året.

Heia bonden!