
Altfor mange lause ting, altfor mørke krokar, altfor mykje
skummelt rot, altfor store flokar, altfor store rom, altfor mange ord,
altfor mange gode råd gjev altfor mykje å tenkje på.
*****
I dag tidleg, ein halv time før sommarens seiste besøksgarddag skulle vere i gang, fann eg ei av avlskaninene mine i kramper i buret sitt. Eg hadde vore redd noko ville kome til å skje iom at eg hadde sett henne med litt skeivt hovud noko tidlegare og var klar over at avliving sto på trappane, men eg trudde ikkje det hasta meir enn at eg kunne få nokon til å hjelpe meg med det snart. Men nå var det ikkje tid til å få nokon til å hjelpe meg, og det var heilt uaktuelt å la henne vere i den situasjonen lenger. Eg har avliva gamle industrihøner her tidlegare, slike som takka vere komersiell avl etter store og mange egg har kolapsa og gått med eggstokkane utanfor kroppen. Men denne gongen var det anleis og nå måtte eg krysse ein terskel.
Ho var ein veldig snill kanin, tillitsfull og kjælen, ein av dei mest påhelsa og håndmata kaninene i sommar. Med nydelege, store auger og mørk, mjuk fløyelspels. Det baud meg imot å vere bøddelen hennar. Når eg likevel klarte å ta livet av kanina var det fordi eg hadde lagt kjenslene mine til sides. All fornuft tilsa at det var det rette. Ho slapp unna fleir lidingar, bikkja får middag nokre dagar og skinnet ligg til salting. Litt over opningstid var kanina rydda opp og blitt historie.
Bagatelliserar eg kanina? Er eg kynisk? Eg får eit umiddelbart behov for å forsvare handlinga mi, beklage at eg evnar å ta livet av eit dyr.
Eg er av natur eit kjenslemenneske. Eg tek inn stemningar, les situasjonar ganske fort og brukar sanseapparetet mitt aktivt. I tillegg tenkjer eg mykje. Og før eg fekk meg eit småbruk med ekte dilemmar og problem (men dermed også ekte løysingar) tenkte og følte eg meg inn i dei mørkaste avkrokar. Eg tenkte og følte lyset ut av livet mitt. Og eg trur ikkje dette gjeld bare meg.
Mi meining (altså synsar eg, og har ikkje fasiten) er at me i dag i alt for stor grad let oss styre av dei sterke kjenslene. Me må føle noko heile tida, me blir høge på adrenalin, oxytocin og endorfin. Me kan også bli avhengige av sorga og mørket vårt. Eg for eksempel hadde eit indre bilde av meg sjølv som ein krigar full av arr. Heile meg var full av merker etter kamp, og eg syns det var veldig passande at både Hilde og Gunn betyr strid. Eg fann styrken til å sloss, men det var mot gleden og håpet, for eg, eg las overskrifter. Me er ein generasjon som syns det er vansleg å forplikte oss og ta langvarige valg. For kva skjer når me byrjar å kjede oss? Me meiner høglytt og uforsonleg i kommentarfelt og på sosiale medier. Me er så avhengig av å føle noko at me hoppar frå den eine kjensla og over på den andre. God eller dårleg, samma det eigentleg. Men kjensler er ikkje alltid til å stole på. Avhengig av erfaringar og bakgrunn vil kjenslene vere ulik frå person til person, og ingenting å feste lit til. Ei rekke folk der ute er livredde for edderkoppar, men det gjer ikkje edderkoppane farlegare av den grunn.
Kor vil eg med dette? Eg vil bare sei at livet ikkje treng å vere så komplisert. Eg har sett liv kome og gå, og det går eigentleg ganske fint for seg. Det ordentlege livet er ikkje her framfor skjermane våre. Me har godt av å ta kontroll over kjenslene våre, ikkje la dei kontrollere oss. Kjenslene skal vere krydderet i livet vårt, ikkje maten. Me treng å ta fornuften tilbake.