Hildegunn Lassemo

-byrje å leve

Måned: juni, 2012

Mantle

Sjekk dette:  http://www.myspace.com/mantle_drew_and_rico

Hei på deg! I løpet av et par dager har Drew og jeg det lille albumet vårt klart. Vi har bestemt oss for å hete Mantle. Kunne du tenke deg å tegne en skisse til coveret? Svart filtpenn på hvitt? Et tre, en fugl, noe litt ensomt og rastløst?

Det er klart eg vil teikne coveret til syster mi sitt album. Derfor tenkjer eg ikkje ein annan tanke på fleire timar. Eg kjenner bare eit rastlaust og einsam tre, og det er ei ask som bur ute ved Toke. Eg har helsa på henne mange gonger, eg har sett ho med lauv på, eg veit at ho er ei ask. Men ho vil nok ikkje vere det. For ho oppfører seg ikkje som ei. Gamle asketrær skal vere store. Dei skal rette greinene sine oppover og dei nye skota skal vere sterke. Denne aska er ingen av delane. Ho er liten, krokete, vridd. Men er dette teikn på rastlausløyse og einsemd? Det skulle eg då meine.

Same kveld har eg teikningen klar, og neste dag reiser eg til kommunesenteret for å få han scanna og så maile han til Australia.

Er aska fornøgd nå? Det veit eg ikkje. Eg veit bare at eg er det. For Mantle lika biletet godt nok til å bruke det på plata si, og eg elskar Mantle!

MANTLE, MANTLE, MANTLE!

 

 

 

Reklame

Hengehovud

Viktor har til vanleg eit betydeleg lettare sinn. Men når alle damene hans ligg på reir og bare kjem fram på ein liten visitt kvar dag, er det vanskeleg å halde motet oppe.

Seks år!

I dag, 1.juni 2012 er det seks år sidan eg overtok småbruket som i dag er mitt. Seks år sidan eg som tjugefemåring gjekk i banken og tok opp lån, kjøpte småbruket og byrja på prosessen med å pusse det opp. Mange dugnadstimar, mykje velvilje, mange utstrekte hendar og ein god del eigeninnsats har gått med. Taket er bytta ut, vindauger skifta, bad er bygd, minirenseanlegg anskaffa, ganggolv og golvet i finstoga bytta ut. Tak og veggar er skrapa før dei blei måla opp att. Nokre av kotta er endå ikkje isolert, noko ytterkledning er framleis att å skifte, lista over ugjorte ting er temmeleg lang. Men dersom ein skal lene seg litt tilbake og sjå på kva som faktisk er blitt gjort her, med små midlar og ein til tider tynnslitt tolmodighet så er det ein god del å feire. Det er mange å takke for kjærkomen hjelp. Mange som har vore behjelpelege med møblar og utstyr, som har lånt bort verktøy og gitt meg gode råd.

Eg spurde onkelen min den fyrste sumaren om han trudde eg klarte å bli ferdig til jol? Han drog litt på det då og sa at i såfall ville målinga framleis turke på veggane mens me åt jolemiddagen. Seks år etter er eg framleis ikkje i mål, men har feira jol her ein gong. Nå har jolefeiringa etter mitt skjønn komi for å bli. Eg har også byrja å leve meir i djupet og ikkje lenger bare i breidden. Fokuset har nødvendigvis endra seg og eg kan ikkje lenger bare jage framover, for eg blir nok aldri ferdig. Derfor gjer eg heller meir av det som også gjev meg glede, og ikkje bare alt eg bør. For livet står ikkje på vent lenger, slik eg kjente det dei to, tre fyrste åra. Ein kan jo ikkje vente med livet. Langsiktige planer er jo heilt essensielt, det må vere mål der som ein skal strekke seg etter, og ein skal ikkje gløyme framdriften heller. Men balansen er viktig. Og eg lærer heile tida.

Seks år! Eg trudde eg var vaksen då eg kjøpte denne herligheten. Men modningsprosessen i etterkant har vore voldsom. Ein blir ikkje vaksen av å gå på skulen. Ein blir vaksen av å delta i livet sitt.

Nå er det kanskje litt råflott å påberope seg modenhet i ein alder av tidleg trettital også, eg ser den. Men noko skal eg jo fnyse av om seks nye år også.

***

Eg skulle verkeleg ynskje eg hadde fleire bilete frå forvandlingsprossesen 25/124 har vore gjennom. Men alle dei bileta var på den datamaskina som blei stolen for eit par år sidan. Attans.