Hildegunn Lassemo

-byrje å leve

Småbruksommar 2014

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Sommaren er kort og intens. Det er den finaste tida av året, men også den mest hektiske. Det går dessutan mot den andre sessongen som besøksgard, etter ein veldig oppmuntrande og hyggeleg fyrstesessong. Og eg må erkjenne at eg aleine ikkje er nok arbeidskraft til å drifte denne flekken på kartet. Derfor er eg ute etter hjelp. Eg kan tilby kost og losji til ein eller to, venner eller eit par. Småbruket har eit ekstra soverom der det snart vil vere 1,5 seng og ein sovesofa. Lenestolar og bord skal på plass så det går an å få ein litt privat kjensle i eit eller litt lite hus. Stoge, kjøkken og bad vil vere fellesareal.

Det som skjer på Småbruket sommartid er at eg har opent kvar dag i skulesommarferien. Mellom 12 og 17 kan det kome besøkande, og gjennom desse timane er det servering av vaflar og is, samt møtet med gjestene som er fyrsteprioritet. Utanom opningstid må alle husdyra få stellet sitt, altså fôring, kosing, turgåing, eggplukking og gjødselfjerning. I tillegg er det kløyving av vinterved og oppgradering av hønsehus, kaninstall, sauefjos, veksthus og gjerder som står på agendaen. Dagane går i eit, men det er (etter min meining) meiningsfult arbeid, og det er kort veg til badevatnet. Arbeidsdagen skal dessutan vere hyggeleg, og felles middag er ynskeleg. Eg kan desverre ikkje tilby lønn. Men du får anledninga til å prøve livet som småbrukar utan å ha heilårsansvaret for ein liten gard.  Korte eller lange opphald, alt er av interesse, alt vil hjelpe meg.

Syns du det høyres spanande ut? Ta kontakt, så fortel eg deg meir!

Reklame

Rundluraren

luve

Eg er så innmari fornøgd, fordi eg har lura systemet. Eg har gått bak ryggen på multinasjonale selskap og etablerte konsern. Og denne luva er sannsynlegvis det nærmaste eg kjem ein tryllehatt, for den er med på å gjere verda til ein litt betre stad.

Under produksjonen av dette hovudplagget har ingen arbeiderar jobba på slavekontrakt. Ingen kjemikaliar har forgifta grunnvatn eller menneske. Sauane ulla er frå har garantert ikkje blitt utsatt for mulesing. Sauar, ull og garn har faktisk aldri vore utanfor Telemark fylke. Ulla er bare sortert i tre ulike nyansar, og bare vaska med økologisk såpe. Mykje av lanolina sit derfor att i garnet, og sidan det ikkje er nytta kjemikaliar er ikkje fibrane svekka av renseprosesen. Dessutan er dei grå trøndersauane bevaringsverdige,  og produksjona av ull og kjøt frå desse dyra vil vere med på berge rasen. I tillegg held dei det gamle kulturlanskapet ved like rundt dei hundre år gamle husa mine. Og  at luva er hekla i skinnet frå stearinlys av ein glad småbrukar etter dagens gjeremål gjer suksesshistoria komplett.

***

Pokker altså, at kraftfôret sauane får er soyabasert og importert frå Brasil, og at soyaplantasjane er anlagt på rasert på regnskog…

 

 

I gode og onde dagar

bedrøvelege gjerderEr det sjølvmotsigande å hevde at ein er lykkeleg når ein er så sliten at livsgleden for ein tid har forlatt bygningen?

I slutten av desember var kontoen for alvor tom, og når hushaldningen har 60 munnar å mette blir det ein formidal mental påkjenning. Januar og februar gikk heilt med til ting eg måtte. Måtte for at alle skulle kome seg velberga gjennom neste dag. To månadar totalt blotta for utskeielsar, med mykje jobbing og ein del apati. Og mens ein er så felgkjørt og så tung er det på sin plass å tenke over om det er verdt det. Men eg var aldri i tvil. Eg var overbevist om at det var ein overgang, at det ville kome til å snu, at det ville bli lettare, eg visste bare ikkje heilt når. Og dessutan; kva ville vere alternativet?

Lat oss nå sei at eg valde å selge småbruket mitt. Eg har lagt mykje ned i det, av tid, pengar og sjel, så det ville ha kasta ein del av seg om eg la det ut på marknaden. Men kor skulle eg ha flytta? Denne bygda er nå heimstaden min, men det er fordi eg har småbruket mitt her. Plassen som har latt meg vekse i snart åtte år. Som får meg til å leve kvar dag. Her har kroppen min blitt sterk. Her fyller øyrene mine seg med hønseklukking, sauebreking, fuglekvitter, flugesurr, kattuglehoing og tut frå bilar som passerar når eg er ute med bikkja. Augene mine blir aldri lei av den nære utsikten som eg og beitedyra jobbar flittig med. Nasen registrar lukten av gras, seljas søte gåsungar, våt mose og varm møkk. Huda kjenner vinden, regnet, sola og den skiftande temperaturen gjennom dagens mange utetimar. Og hendane mine får stadig stryke over varme, mjuke hudar dekt av pels eller fjær. Kvar dag brukast heile meg, alle sansane mine, alle evnene mine, dei praktiske, dei kreative og dei filosofiske. 25 mål, det er omtrent akkurat så stor plass eg må ha for å vere fult ut meg, og eg må krympast for å få plass i ein leilighet.

Det er i denne bygda og i dens omegn at eg nå har funne feste for bardunane mine. Det er her eg har venene mine som stiller opp for meg, som låner meg alt eg treng, som gir av overskotet sitt, som stiller opp med hjelp. Og dei aller fleste av dei er folk som har ofra mykje for å leve draumen sin, som jobbar hardt, lever på lite, men rundhånda og raust deler av det dei har. Desse menneska er eg så glad i.

Dette er også staden som inviterar til familietreff og dugnadar. Ein fortreffeleg omgangsform og ein god anledning til å treffast. Dagar med fysisk fostring og sosial omgang avrunda med god mat, brettspel og historiar. Det er så definitivt verdt det.

Og sjølvsagt var det ein overgang. Sjølvsagt kom det til å bli lettare. Sjølvsagt ville det snu.

Kafeen trengte hjelp, og eg var meir enn glad for å få hjelpe til. Eg fekk nye kollegaer og vener. Eg får matrestar heim til hønene og pengar på kontoen ein gong i månaden. Nå har eg fått unna ein del av tinga eg bare måtte få gjort, og eg har fått satt av tid til saker eg har lyst til å gjere. Og når dette fell saman med lengre dagar og fint vær er alle bekymringar blåst langt inn i audemarka også denne gongen. Eg gledar meg til dagane som kjem og alt som dei vil bringe. Kvar dag kjem med nytt håp og nye gleder. Kaninungar er født. Om ein månad kjem lamma. At gjerdene må fiksast etter at den tunge snoen øydela dei, er nå blitt eit vårteikn, i stadenfor den ekstra børa som blei lagt på meg, slik eg såg det for ein månad sidan.

Når eg kan sei at eg var lykkeleg til trass for at eg var så sliten, skuldast det nok heilt enkelt at eg har vald dette livet sjølv. Med alt det omfavnar. Det var kanskje ein litt tynn lykke, men unekteleg lykke. Og eg kunne nok ynskje meg ei pause, men aldri eit anna liv.

 

Lykke

mosaikk

Etter gårsdagens blottlegging av fordums tiders dårlege sjølvtillit og låge sjølvkjensle er det vel på sin plass og fortelje resten av historien.

Då eg flytta til Ulefoss og landbruksskulen som nesten 16-åring var eg klar for ein ny start. Eg hadde med meg både menneskefrykt og frykt for avvisning på flyttelasset, men også eit framtidshåp og ein ny horisont. Dagdraumen om eit småbruk hadde fått meg gjennom ungdomsskulen. Nå ville eg byrje på vegen mot målet.

Rundt joletider det fyrste året hadde eg klart å finne ut kven eg kunne stole nok på til å le saman med. Leiken var tilbake i livet mitt. Det var adjektivhistoriar sendt i smyg frå pult til pult. Det var skøyter og det var bål. Og eg var nesten litt populær. Eg skjønte ikkje korleis og kvifor, og eg klarte ikkje å nyte det for eg var bombesikker på at det var ein konspirasjon og at det snart kom til å snu. Men venene mine insisterte på å bli.  Vener som delte tankane og bekymringane mine rundt miljøvern og giftstoff. Me var herleg umoderne i klesvegen, me kunne traktormerker på rams, høyrde på kredibel musikk og skydde mainstream i takt. Eg var ikkje aleine lenger.

Vennskapa mine var befriande, dei bygde meg opp, og dei venene eg fekk den gongen er framleis blant mine aller beste vener. Men hemlighetane mine fekk dei aldri. Eg tok på meg ansvaret for underhalning, eg var morosam og tenkte alltid nøye gjennom det eg sa.  Og det eg sa høgt måtte vere uangripeleg, for kritikk var dødeleg for meg.  Likevel; eg hadde altså byrja å vekse.

Etter to år på Søve gjekk eg eit år på Fredtun Folkehøgskule, og der skulle eg møte ein ny gruppe folk. Folk som delte mi tru. Endeleg kunne eg fortelje andre unge menneske kven og kva eg håpa og trudde på. Det hadde eg måtte halde hemmeleg tidlegare, for å forsvare noko så absurd ville vere sosialt sjølvmord. Men nå var eg ikkje aleine lenger.

Etter året i Stavern flytta eg til Årnes i Akershus og gikk seiste året med økologisk landbruk. Nå kjente eg at eg var populær. Eg var eit friskt pust frå fjellet som slo inn over flatbydene. Eg byrja å bli meg. To gonger før hadde eg gått gjennom prosessen med å få meg vener, nå gjekk det så mykje betre. Dessutan var eg eit år eldre enn dei, og eg leikar godt med småungar. Me var grøn milleniumsruss i Canada, me var kongar.

Så jobba eg eit år, og den eine halvparten var på Haukelisæter Fjellstoge. Eg lærte meg å rope ut bestillingar, og det sat langt inne. Eit rop ville pådra seg oppmerksomhet frå fleir enn den eg henvendte meg til, og det frista ikkje veldig. Men snart var det rutine, akkurat som å prate laust og utan meining med gjestene. Eg lærte meg småsnakking. For ein fryd!

På møbelsnekkarskulen i Mysen forstod eg kor velsigna eg var som var både kreativ og hendig. Eg hadde til og med brukbar formsans. Men framleis var eg redd for å sleppe kontrollen, eg kunne ikkje vise nokonting fram om eg ikkje var fornøgd med det. Kritikk var ikkje lenger like skadeleg, men eg tok det framleis personleg. Eg var dårleg, det var ikkje det eg hadde gjort som burde vere betre.  Skapartrang var ein ressurs, ikkje noko som var henvist til fritida. Eg var ikkje aleine lenger.

Etter dette gikk turen til Grebbestad i Sverige, og ein folkehøgskule som fokuserte på formgjeving. Eg fekk utvikla teikneferdighetane mine, sosialt var eg friare enn nokon gong, eg budde i Sverige og var ein sommarfugl i vinterland. Og eg snekra og snekra og laga og laga. Det var eit veldig intenst år og det var her eg blei eit komplett menneske.

Deretter flytta eg til Kristianstad i Skåne, og blei der i 2,5 år, også på snekkarskule. Her byrja eg å balansere livet mitt. Eg snekra på dagtid, besøkte venner på kveldstid, spela biljard på puben, gjekk i kyrkja på sundagar, tok toget til København på jolehandel og helgeturar til Øland for å besøke venene mine som budde der. Eg levde eit vanleg, deilig liv.

Eg var 25 år. Vaksen og ferdig på skulen. Eg skulle heim att til Norge. Kva gjer ein då, når ein har to litt lite anvennelege utdanningar å skilte med, ikkje kan tenkje seg å flytte heim att til barndomsbygda si fordi det er knytt for mange vonde minner til staden, og heller ikkje vil bu i ein by. Jo, då kjøper ein seg ganske enkelt småbruket sitt, og tek det derifrå..

Opp gjennom åra har eg fått høyre det hundrevis av gonger at eg er så tøff. Og like mange gonger har komplemanga blitt vridne i hovudet mitt. Fordi eg har hatt frykten inni meg, redselen for nære relasjonar, redselen for å bli avvist både som menneske og for draumane mine som eg derfor har vokta som ein hauk. Denne frykten har nemleg vrengt på orda og langt til eit anklagande men.. Og så virka dei mot sin hensikt. Frykt er verkeleg ein øydeleggande kraft.

Dei tre siste åra har vore veldig gode. Og sidan mars, då Småbruket, min livsdraum blei levande, har eg hatt det strålande. For sjølvkjensla mi er restituert. Eg tek plass i mitt eige liv, eg ler saman med fremmede, eg kan ta att når folk er teite, eg kan sleppe kontrollen utan å få panikk. Eg kan snakke om visjonane og draumane mine utan å vere redd for at folk skal stemple dei som dumme. Det gjer meg ingenting å reise meg i ein forsamling. Eg kan fortelje folk om svakhetane mine. Eg er ikkje redd for å beskrive meg sjølv som lykkeleg.  Eg har alt, og nå er eg aldri aleine lenger.

Reddharen

Barneskolens idrettsmerke - bronse.jpg (thumbnail)

I går blei eg overraska av meg sjølv. Eg sat her i stoga mi saman med ei fjortenårig nabojente og venta på eventuelle gjester. Me snakka om dette og hint, og kom inn på temaet ungdomsskule og teite lærerar, og plutseleg kjente eg at nasen min blei slik usjarmerande raud og blikket mitt uklart. Fordi eg hadde byrja å snakke om læraren eg hadde på ungdomsskulen.

Eg var ekstremt stille og ekstremt sjenert som liten. Eg var redd for alt og alle og spesielt for å få uønska sosial oppmerksomhet.  Eg takla overgangen frå barneskulens frie leik i småskogen, til undomsskulens veslevoksne motesnakk sitjande på benkar i utkanten av skulegardens asfalt, svært dårleg.  Eg klarte ikkje å finne plassen min. Eg skreiv kontraktar med meg sjølv om aldri å kjøpe ei Levisbukse, eg ville heller kjøpe billige klær og så gje pengane eg sparte på det kjøpet til indianerane, som eg visste at me behandla dårleg, eg syns festing var tull og gutar var skummelt. Eg kjente meg veldig aleine.

Puberteten er vel eit minefelt for dei fleste, og etter nokre år er me igjennom den, og det som forhåpentlegvis betre utgåver av oss sjølve.

Men det som verkeleg terroriserte meg var gymtimanes overhengande trugsel om audmjuking. Eg var så redd at alt eg foretok meg blei misslykka. Hovudet var fullt av forederisk bommull, tankane var aldri klare og eg bruka mykje energi på å halde motet oppe. Læraren vår lika ikkje svakhet. Fleire enn meg brukte doen flittig. Fleire enn meg utvikla ein teknikk for å tråkke opp skolissene slik at me måtte stoppe og knyte dei att. Gymtimane var blotta for motivasjon utover den typen som advarte oss jenter mot sideflesk. Ein type fett som er veldig vanskeleg å bli kvitt, og som lett ville sette seg når me blir voksne. Kanskje var det eit forsøk på å vere morosam? Eg forsto det ikkje.

Symjing var i seg sjølv ein begivenhet det knytte seg mykje frykt til, iom at eg måtte gå rundt i badetøy og vise fram ein kropp eg sjølv ikkje klarte å forhalde meg til, og som ikkje blei så usynleg som eg ville, til trass for innoversugd mage og lute skuldrar. Og kvar gong eg symde vanleg brystsymjing bemerka læraren symjeteknikken  min. Høgt og tydeleg annonsera han at det eine beinet mitt slang ut til sida, han skjøna ikkje korleis eg fekk det til. Kanskje det ville hjelpe om me bant knea mine saman? Eg kjente korleis det svartna for meg over utsikten til å måtte ta i bruk sterke virkemiddel for å forbetre symjinga mi. Vannskrekk, pubertetsskrekk og så gjere meg og bassenget til eit freakshow i tillegg, det blei litt mykje for meg. Men eg tok ikkje til motmele, eg bare venta på dagen då han ville setje teorien sin ut i livet. Den dagen kom aldri, men eg venta på den, og mens eg venta bygde eg målretta sjølvkjensla mi ned slik at eg ikkje ville bli så ramma av audmjukinga når den vel slo til.

Idrettsdagane var for min del katastrofale. Eg klarte sjølvsagt ikkje eit einaste krav. Og då klassa skulle få utdelt merka sine proklamerte læraren min at sidan eg var den einaste som ikkje hadde klart meg gjennom testen, kunne eg dele dei ut til medelavane mine. Eg hugsar kor og korleis me sto, eg hugsar kva han hadde på seg, eg hugsar korleis det svei.

Ved ein anledning skulle me hoppe bukk på fotballbanen. Eg hadde oppdrift som ei våt fille, og sjølvsagt hjalp ikkje vissheten om mine stadige nederlag på sjølvtilliten min. Eg ville vri meg ut av situasjen, men hadde allereie bruka opp hjelpemiddelet (falskt) dobesøk. Køen framom meg blei kortare og kortare, og til slutt måtte eg bare ta fart og gjere mitt beste. Men mitt beste var ikkje godt nok, og eg endte med og nærmast velte personen eg skulle hoppe over. Då ville ikkje kroppen min meir, og då eg kjente at blæra mi sveik meg, sprang eg til garderoben for ikkje å vende tilbake til timen.

Vendepunktet kom i anledning turn. Det var seinvinter og snoen hadde smelta frå vegane, mens brøytekantane framleis var ganske høge. I gymtimen fekk me beskjed om å ta sats med tilløp, for deretter ta salto og lande på tjukkasen. I mitt hovud fanns det bare ein mogleg utgang på dette scenariet. Eg såg det for meg, eg høyrde lyden av det, eg kjende smerten av det; eg kom til å lande på nakken.

Eg gjekk på do og blei der lenge, men ikkje lenge nok. Då eg kom ut att i gymsalen blei eg beordra til å hoppe. Eg sa faktisk nei, og eg sa det to gonger. Men alle skulle gjere eit forsøk. Eg byrja å springe. Eg hoppa. Eg sveva, men kunne ikkje få meg til å krumme kroppen. Stiv av skrekk la eg armane beskyttande framom magen, men bare for å få dei trykt inn i innvollane mine då eg traff madrassa.

Før neste gymtime trente eg på å ta salto i brøytekantane. Snoen var våt og kram, og ved eit av forsøka klarte eg å sette meg fast med hovudet og overkroppen rett ned i fonna. Det sto klart for meg at eg ikkje kom til å greie det før neste time. Men nå var eg så tynnslitt at eg ikkje orka meir. Einaste alternativet eg kunne kome på var å skaffe meg ein skade og dermed ein sjukemelding. Redd og sint skrapa eg handflatene mot asfalten for å få nokon ordentlege sår i hendane. Det gjorde alt for vondt og gav liten effekt. Men med bare ein kveld og ei natt til neste terrorturn var eg nødt til å gjere noko. Eg fann ein filetkniv i skuffen, gjekk på rommet, drog ned buksa og la knivbladet mot låret. Planen var å kutte såpass djupt at eg måtte sy, då kunne eg jo ikkje halde på med denne herjinga på trampolina. Men fy søren, det gjorde så vondt. Den sløve kniven lugga og nappa, og eg klarte ikkje å kome djupare enn gjennom overhuden. Eg måtte bare gje opp, plastre såret, dra på meg buksa att,  vaske kniven og legge den tilbake i skuffen. Deretter fortolde eg syster mi om forsøket, sa at ho ikkje måtte sei det til nokon, men satte min litt til at ho sladra likevel. Det gjorde ho heldigvis.

*****

I går då eg tok til tårene då eg snakka om dette gjekk det opp for meg at det fyrst er nå at eg ikkje tek på meg skulda for dette sjølv. At eg ikkje tenkjer at eg burde ha satt tydlegare grenser eller ikkje latt det gå så langt. Nokon grenser bør vere unødvendig å trekke. All oppførsel treng ikkje å forklarast med at han hadde det sikkert ikkje så greit sjølv. Og det magiske er at mykje av denne reaksjonen kan tilbakeførast til ein nyleg avslutta kjæledyrkonkurranse. For for det fyrste så har eg opplevd å ri på ei bylgje av oppmundrande tilbakemeldingar og støtteerklæringar under konkurransen. Frå familie, venner, bekjente, ukjente. Frå folk som kjenner meg slik eg er i dag, men ikkje minst: folk som kjenner meg som den eg var.  Den eg er ferdig med å vere, for all tid. Den som det gjer vondt bare å kome i hug at eg var. Og endå betre: Då Varden opptredde urettferdig, så kjefta de på Varden for meg! Eg veit ikkje om de forstår kor mykje det betyr eg, men jammen har de reparert mykje.

 24.juli.2012 025

Her får de nokre høgst illustrative blomar i takksemd av meg. Tusen takk 🙂

Kjøttankar.

Jakob

Snart er Jakobs dagar tolde. Snart skal han omsetjast i delar og og hans døde kropp skal bidra til økonomien her på Småbruket. Saman med Genserlammet og broren hans tippar eg dei usubsidierte dyra vil klare å dekke opp for utgiftene til rekneskapsføraren min for fem timar.

Eg er ingen ordentleg bonde. Eg har eit bittelite småbruk på 25 mål. Å tru at min lille flokk med sauar skal kunne bidra vesentleg til økonomien er naivt. Fram til neste haust er det snakk om underskot. Det er ikkje mitt eiget valg av retning i forhald til den gjeldande som gjer meg så opprørt. Det er snarare at prisen på eit liv er så låg. At vår higen etter billig mat kompromissar med dyrevelferden. Eg har så få dyr her at eg kjenner att kroppshaldningar, tonefall og oppførsel. Eg kan fort sjå kven som manglar. Eg veit kven som er kjælen, kven som er skeptisk, kven som er modig og kven som er best på å rydde kratt. Eg ser dei same trekka hos fjørfea og kaninene. Eg er ikkje mot at me et kjøt, men eg er veldig i mot at me latar som at levande dyr er eit produkt. Eg er veldig i mot at mat er så billig at det ikkje kostar oss noko å kaste restane etter i går. Eg er veldig i mot at me fôrar opp dyra her i Norge på kraftfôr som i stor grad inneheld soya frå Brasil, fordi politikken gjer det billigare enn å fôre med graset som er slått her, med vår eigen dyre og norsk-kjøpte redskap. Eg er veldig imot at slaktekyllingane deler 1 m2 med 16 andre individ. Samtidig som kjøtet er så rimeleg, at dersom du har funne noko som kostar flesk er det bare å slå til. For du gjer sannsynlegvis eit skikkeleg kupp.

I dagane fram mot slakting er det opprør i kroppen min, og all frustrasjonen over liv og død og pengar og slik kjem til overflata. Eg kan ikkje tenkje meg noko meir meiningsfylt enn å produsere mat. For ete bør man, ellers dør man. Alt anna er eigentleg sekundært. Derfor fortset eg, med mitt skarve bidrag til nokre gode og forhåpentlegvis høgtidelege middagar. Der ein skrapar tallerkenen og varmar opp restane dagen etter. For på den måten viser ein livet respekt.

Reklame

Og så var det stemmelenka då:

http://www.mediateam.biz/kjaeledyr/vote.php?id=299

Skjellakk

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Så rart, at det skal vere så lett å gå seg inn på feil spor. Den manglande drillen, samt alle dei forefallande oppgåvene har fått meg til å fokusere så inderleg på tullete ting. Slik som denne stolen som eg har plundra med over ein lengre periode, med liming og flikking i fleire omgangar. Han gjorde det heilt tydeleg for meg at eg hadde mista grep om gamle kunstar då eg ikkje kunne greie å blande ein farge som gjekk i eit med resten av treverket. Ikkje før eg prøva å beise med vatn forsto eg kor hunden låg begraven. Den gamle mahognyen har falma. Alt trevirke vil på lang sikt bli veldig likt i farge. Mens furu og andre lyse sortar blir mørkare, blir mørkt virke lysare. Når eg då hadde pussa vekk den gamle overflata var det blitt umogleg å få den lysare att. Dette tynga meg mens eg sat ved ovnen og stirra på stolen framfor meg. ( Kjøkkenet er framleis det nærmaste eg kjem ein verkstad, der det er både varme og godt lys. )

Men så skjer det plutseleg at tankane løsnar, og når dei fyrst er tenkt så er alt så sjølvklart. Derfor er nå både frambeinet og sargen pussa ned og eg har dratt fram dei gamle flaskene eg kjøpte på Østfold Møbelsnekkarskule i 2001 frå innerst, bakerst i kottet. Denne gamle stolen er heilt sikkert overflatebehandla med skjellakk. Og derfor er det det eg har gjort i kveld. Oj oj oj, det er moro å kunne!

Veit du kva du kan? Jo, du kan stemme på Tammel: http://www.mediateam.biz/kjaeledyr/vote.php?id=299

Takk!

novembermorgon

Eg blei ikkje heilt ferdig i låven denne dagen heller, men eg kom eit rimeleg godt stykke på veg, og slik i sju-tida hadde eg fått Emma til å prøve sauetrappa og gå inn for å ete kraftfôr. Men resten blei ståande rådlause på bakken, redde for nye utfordringar, og spesielt i mørket.

Det var gøy i dag. Eg fekk bruka ein del stumpar av materialar, og runde stokkar eg har barka og dratt i hus med tanke på at eg skal bygge med dei ved ein anledning. Og det blei ein ny og triveleg binge som for tida fungerar til værlam, men også seinare kan stengast av til sjuke dyr eller lamming. Einaste skåret i gleden er at også det andre batteriet til min trufaste venn Hitachidrillen har gjeve opp. Nå har det ikkje eingong styrke nok til å bytte bit, og eg får gjort så lite med takplateskruvar. Så då har det blitt spikring, og det har ikkje gått knirkefritt. Ikkje når ein del av materialane eg har til rådighet er hardt lauvtre. Og når eg har behov for å feste to frittståande delar funkar det ikkje i det heile teke. Då er det lett å merke antydningar av motlaushet.

Men sidan dagane er som dei er, altså temmeleg farga av ein fotokonkurranse i lokalavisa, og internettet fløymer over av gode ord, støtteerklæringar, tillit, håp, pågangsmot, lykkeynskingar og skryt i min retning, boblar det likevel i brystet. Det er så rørande med all denne oppmerksomheten, alle delingar av stemmelenker. At de gidder etter to veker. At de ikkje har gitt opp allereie, når det framleis er ein månad att av denne drøye konkurransen. Det er langt meir verdt enn eit gåvekort på 10.000! Eg er så glad i dykk. Tusen takk alle saman.

Men det er klart, eg treng ein ny drill og eg. Så eg vil gjerne ha det der gåvekortet. Stem med alt du har kjært; data, telefon, pod og pad. Ein gong om dagen, ein månad til.

http://www.mediateam.biz/kjaeledyr/vote.php?id=299

Håplaust tilfelle.Emma med det kalde hovudet har knekt koden.

Flytte, rydde, brenne, kaste.

Det er moroare å skrive om bragdene sine. Det er gøy å dele når ein er på topp. Men sanninga er at det er mykje arbeid som ikkje nødvendigvis er særleg inspirerande her på garden. Det er dagar då motivasjonen til å gjere noko utelukkande er eit skrikande behov. Slik som nå.

For tida ryddar eg i den gamle høylåven for at sauane kan gå inn der i vinter. I fjor vinter var dørane til gjødselkjellaren hekta av og dei kunne gå ut og inn der slik dei ville. Då laga eg ein forhekk framom utedoens innhuk og bruka den som høysjakt frå fjosskålen der rundballen for anledninga stod. Eg lika patenten, og kunne vel ha gjenbrukt løysinga dersom det ikkje var for at det kunne bli litt vel vått på golvet der nede. Vinteren var såpass kald i fjor at problemet var lite før vårbløyta, men eg har ingen garanti for at det vil bli like kaldt og tørt i år. I tillegg har ein overhengande takrasfare meld seg pga det nye låvetaket. Tanken på at sauane skal traske ut og inn på ein langvegg er derfor urovekkande, eller eigentleg reint av uaktuell.

Jolekrybbe og fjosløysing desember 2012

Og derfor må det ryddast att. Og eg byrjar å bli lei, for eg har teke i denne veden minst ein gong før. Eg har flytta på desse møblane tidlegare. Desse maskinene har ingen fast plass nå heller. Og så endar det med at ein del ting blir satt inn på golvet i det som skal bli møbelverkstaden min når alt anna er på plass. På nytt.

Takka vere ein besluttsam åtteåring fekk me faktisk flytta all veden pr kasting forrige helg, då kubbane susa gjennom lufta ein snau times tid. Etterpå fekk eg også sett opp ein skiljevegg og sortera ut værlamma frå søyene.  Og jammen var det på tide, for denne gjengen har blitt riktig så pubertale i det seiste.

Men veden kan jo ikkje ligge slik i ein haug. Og all redskapen må opp på mellomtrevet fordi det er ikkje plass i verkstaden. Presseningar og delvis lurvete isolasjon; eg veit at eg får bruk for det. Men kor skal del leggast i mellomtida? Retroborda og hyllene som har ein potensielt god verdi i byen er overskotsvare her i distriktet, men å hive det er ingen løysing..

Ryddast må det. For her skal dyra inn, og jo før jo heller. Og det må bli praktisk slik at eg ikkje brukar uforhaldsmessig mykje tid på fjosstellet, og fint fordi eg vil vise det fram for folk. Eg vil nemleg ha open gard framover mot jol. Småbruket er eit jolepostkort av natur. Det hekkar dompappar i dei gamle grantrærne her og besøker meg året rundt. Eg har gjerder av staur og ein låvebru av stein. Den er den smalaste sak i verda å skaffe seg eit fuglenek, og så er det komplett. (Vel, det hjelper med sno, og eg håpar skikkeleg at det kjem litt.) Uansett, når eg er ferdig veit eg det blir bra. Men det hjelper så lite akkurat nå.

Men det er gøy då, at eg har ein sau som deltek i ein fotokonkurranse 🙂 Stem gjerne på Tammel i dag igjen:  http://www.mediateam.biz/kjaeledyr/vote.php?id=299