Motivasjon
av hildelasse
Alle som har levd saman med eit dyr veit at det formidlar kjensler og at det har temmeleg sterke behov. Og det gjeld alle levande vesen. Også «dei dumme sauane». For meg er hovuddrivkrafta bak min livsstil å produsere mat med stor livskvalitet. Kvantumet er lite, men mitt bidrag er ikkje uvesentleg. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Denne motivasjoene er så sterk, eg kan ikkje tenkje meg noko meir meiningsfult enn å leve saman med dyr og natur, og ikkje på tvers av dei. La meg bare fort konstatere at eg er villig til å betale mykje for at kjøtet eg et skal kome frå dyr som har levd meiningsfulle liv.
Kaninene mine lever i store bur. Eg prøva å ha bingedrift, men det førte mange konfliktar og så mange skader på dyra, at eg forsto at bur var betre for dei. Dei står derimot ved sidan av kvarandre og har visuell kontakt med naboen sin. Hoene får to kull på sommaren, iom at eg ikkje har varmt nok vinterlokale for vinterborn. I løpet av eit år et dei fôr for 7.500, og eg brukar 1.500 på flis og utstyr. Salget av kaniner sørgar for ein inntekt på 11.000, eg tener altså 2.000 på kaninhaldet. For å auke inntektene må eg skjære ned på dyrevelferda. Bura kan bli mindre så eg får plass til fleir dyr, eller eg kan la hoene få fleire kull i løpet av sommaren, og slik bruke opp kroppane deira i løpet av eit par år.
Sauane mine, dei seks eg kjøpte hausten 2012 kosta meg 15.000 i innkjøp. Eg fôra på dei eit år for rundt 8.000 i kraftfôr, og då fekk eg høyet eg trong av naboen min. Øyremerker, medisinar o.a utstyr var på rundt 2.000. Altså hadde eg utgifter på 25.000 det fyrste året. Eg selde tre lam for 6.000, og auka verdien på besetninga med like mykje ved å spare tre lam. Likevel gjekk eg 13.000 i underskot.
Når andre år er over vil eg ha kjøpt kraftfôr og utstyr for 13.000, eg får framleis høyet gratis. (!) Salg av lam (alle i år iom at småbruket mitt ikkje har plass til fleire dyr) vil generere ca 18.000 og eg vil gå 5.000 i overskot. Underskotet frå i fjor blir dermed redusera til 8.000.
Eg brukar ein time på fôringa kvar dag, dersom eg har skikkeleg dårleg tid og må forte meg gjennom rutinene. Men alle dyra er jo så pratesjuke og kontaktsøkande at det fort forsvinn ein time til bare til kløing og handtering. Det fører til at eg får tillitsfulle dyr som ikkje blir stressa ved flytting eller slakting. Det er fint for dei og betryggande for meg. I tillegg kjem gjerding, bygging av innredningar, rensing av bur, spading av talle..
I vår tok eg andre bøndars oppfordring om å søke produksjonstilskot på alvor. Eg kan det, iom at møbelsnekring, besøksgard og kjøtproduksjon er registrera på same org.no og omsetjinga er på over 50.000 i året. Det betyr at eg kan søke om ein drøy 1.000-lapp for kvar vinterfôra sau.
Gjer dette meg lat? Gjer dette meg til ein snyltar? Eg føler ikkje det. Eg dreg min del av lasset og sørgar for at nokon kan ete middag med god samvittighet, vel vitande om at dyra dei tygger på har hatt det bra mens dei levde. For alt det det er verdt.