Alle hjartas dag

av hildelasse

hjerte

Det er så mange fine folk der ute, og mange av dei er mine vener. Eg har vener i Indonesia som inviterar meg inn i sine heimar og spør meg korleis det går. Som gjev meg gåver frå hjarta og delar sine historiar med meg. Eg har ei syster i Australia som alltid hugsar på meg og er min kjæraste ven. Eg har foreldre som stiller opp og hjelper til, og som gledar seg på mine vegne når ting går bra, og oppmuntrar meg ekstra når det ikkje gjer det. Eg har vener som har vore i mitt liv sidan det blei restarta på landbruksskulen, nokre låner vekk bilen sin til sauetransport og spør om eg treng hjelp, forar meg med god mat når eg ikkje har næringsvett sjølv, og sender med meg heimedyrka grønsaker heim. Eg har naboar som delar med seg og hjelper når det knip. Eg har slekt som vil vere avløyserar så eg kan ta fri, mot at dei får puste frisk luft og plukke inn egg. Eg har ein stor og varm familie som stiller på dugnad, let meg høyre at dei er stolte av meg, at dei trur på det eg gjer. Dei har alltid vore der og kjem alltid til å bli. Eg har syskenborn som seier det høyres hyggeleg ut å vere med på slaktedagen, som modererar seg og seier «kanskje ikkje akkurat det med slaktinga då, men..» Eg har lagt igjen delar av meg i Sverige, der eg levde tre rike år. Eg har nye vener, gamle vener, veldig små vener, og utanlandske vener. Eg har kollegaer som viser meg sine liv og delar sine tankar og visjonar. Og alle saman set dei farge på livet mitt. Eg set så stor pris på dykk alle. Uansett dato.