Evas Hage

av hildelasse

Fredag morgon ankom eg Kragerø med buss, iom at bilen atter ein gong er på verkstad. Frå eg gjekk inn døra kl ti til eg sat på heim med Ann Helen og Josefine slik rundt halv fem gjekk det i eit. Internett skulle koblast til, straum skulle leggast til kassa, kassa skulle koplast opp og me skulle få ein introduksjon. Dei 150 orkideane som kom same morgon skulle ut av askar og opp i potter. Nokon skulle plantast i fat og overstrøs med stein. Perleblomar og primulaer skulle plantast om, papiret skulle vekk frå glasrutene. Kaffe blei trakta, stolar blei henta, bord blei lånt, tulipanar snitta, kaker blei frakta, og litt før klokka to hadde det danna seg ein kø utanfor dei endå stengte dørane.

I løpet av dei to første timane var nesten alle orkideane blitt rivd vekk. Eg tok gladeleg ansvar for kassa, mens Eva og Madelen pakka orkidear til den store gullmedaljen, for det der hadde ikkje eg dreisen på. Eva derimot, med sin lange erfaring, hadde eit fascinerande håndlag med avispapir, teip, rulling og bretting. Men om ein stund sit nok bevegelsane i mine hendar og (?)

Sjølv er eg fornøgd med resultatet av mitt handverk og vårt samarbeid i tida som har gått også før opninga. Januars intense jobbing med å lage innredninga har vore moro og spanande. Fordi eg skulle legge minst mogleg jobb i det, fordi det skulle bli litt hageaktig og ikkje for fint, og fordi eg skulle lage mest mogleg på kortast mogleg tid, har eg ikkje rekt å bli lei av eit møbel før eg blei ferdig med det. Derimot har stadig nye idear fått sjå dagens ljos og Eva har komi med sine innspel, idear og behov og eg har komi med mine løysingar og tankar og tilsaman har me innreda ein fin butikk. Vil eg påstå. Med ein disk av gamle dørblad, med ein skillevegg av gamle ruter, med store arbeidsbenkar og bord, lause kasser som ein kan lage ulike hyller av, og benkar som kan sitjast på, eller byggast om til hyller eller pyramider. Veldig fleksibelt det heile, så ein kan bygge om butikken når ein vil.

Det har vore gøy fram til nå, og eg ser ingen grunn til at det ikkje skal fortsetje. Det beste med det heile er vel nesten det at eg nå får ein struktur på dagane mine, og lettelsen over ein lønningsslipp i månaden er av særskilt hyggelege proposjonar.

De er alle velkomne innom!

http://www.facebook.com/pages/Evas-Hage/411611515597179?ref=ts&fref=ts