23. desember

av hildelasse

glade jol

All tvil er rydda til side, det blir jol! Mamma har gjort underverker med huset dei seiste timane før alle dei fantastiske gjestene dukka opp. Det er sno i mengder, kaninene har fått nytt strø og alle har fått innesuiter etter at folketalet blei redusert her om dagen. Puslespelet er ferdigstilt, bikkja er blitt lufta. Det var eg som fekk mandelen i grauten og i kveld har me eti reker. Det einaste som eigentleg manglar nå, er du Ragnhild. Min fine, fine veslesyster som endå ein jol bur så alt for langt borte.

Eg håpar du får ein velsigna jol i varmegradene.

Og til alle dykk andre; god jol til dykk og!