22. desember

av hildelasse

I dag reiser Tilslørt Bondepike herfrå, og til trass for nokre uoverensstemmelsar, har det vore veldig hyggeleg å ha henne her. Det har jo ført til at me har fått jol i allefall, og mykje meir en det eg hadde greid om eg var aleine om prosjektet. Det er heva over ein kvar tvil. Det er vel derfor eg også har blitt litt sliten av henne, fordi det stadig må skje noko her. Men nå som ho har pakka saman sakene sine for å dra austover til jolefeiring i Tsjekkia, er det definitivt litt vemodig.

Likevel har me jo fått gjort litt i dag også. Ein seiste innspurt før TBs avreise, og før det ramlar inn gjester i morgon. Me har fått gjort ekstra stas på det eine soveromet, det som lenge har vore litt preglaust. Nå struttar det av jolestemning og eit temmeleg innbydane hyggehjørne. Og det kan kome godt med, når det ikkje er gjesterom til alle. Så kan også sofasoverane trekke seg litt tilbake om det skulle vere behov for det.