20. desember

av hildelasse

joleverkstad

Nå dreg det seg verkeleg til. Når kalenderen har byrja på tjugetalet kjem dei hektiske rosene i kinna, og framdriftsplanen er ikkje lenger klar. Kva er viktigast liksom? Å vere klar med hus og heim før gjestene byrjar å rase inn, gjennomføre alle dei superkoselege tankane for inne og utemiljø, skaffe nok för til alle innbyggerane mine (det er mange helgedagar der Felleskjøpet ikkje har opent og eg skal på jobb dei dagane FK er tilgjengelege) eller bli ferdig med gåvene. Eg likar nemleg best å gje vekk dei heimelaga presangane. Då føler eg at eg gjev eg meir av meg sjølv, fordi eg har bruka tida og tankane mine på den som skal få gåva. I dag prioriterar eg joleverkstad og pakkeproduksjon.

***

TB virkar ikkje lenger like entusiastisk. Kanskje er det slik med maskekledde idealistar, at dei er best på fyrstehjelp og ikkje like supre på forebygging. Nå syns eg faktisk nesten bare ho gjeng i vegen.