18. desember

av hildelasse

Klokka er 20 og eg er segneferdig, men framleis ligg det 30 kaninskrottar på kjøkkenbordet som skal hengast opp i kjellaren, og like mange skinn er ute i ei balje og ventar på å bli salta. Klokka vekte meg i dag tidleg 6.30 for at eg skulle rekke å vere leksehjelp frå 8 til 9.  Det same kjem til å skje i morgon tidleg. TB ba om permisjon i dag fordi ho ikkje diggar blod. I går kveld såg eg Hobbiten på kino og var seint i seng. Og sjølv om avliving av dyr er ein vesentleg del av joleforbredelsane, med tanke på kor mykje kjøt me har for vane å konsumere i denne høgtida, er det likevel ikkje forbundet med idyll. Derfor nøyer eg meg med å fastslå at det er det dagen har gått med til.

Takk for maten, små vener.