17. desember

av hildelasse

Verdens finaste Nissebo står for fyrste gong i finstoga mi. Bestemors nissar gjer det dei er best på, det vere seg trekkspilling, nekklatring, aking eller grautbæring, og dei gjer det godt. Og det er like stemningsfult å kikke inn glaset, og sjå inn på peisen, joletreet og den lille vevde fillerya, nå som før.