15. desember

av hildelasse

I kveld, etter nok ein lang dag på jobb i Kragerø og her heime, sprekk eg så det dundrar. Eg greier ikkje å vente lenger med puslespelet eg kanskje tenkte eg skulle spare til litt seinare, når eg får litt meir oversikt. Over gåver som skal produserast og husrom som skal pyntast og diverse anna forefallande før jol. Men det fiksar eg ikkje. For eg har prøvelagt dette puslespelet på Levang, og det er det mest frydefulle eg har vore borti på lange tider. Det appellerar så innmari til nerdehjernen min, den som er opphengt i mønster og fargar og detaljar. Kvar og ein av dei 1500 brikkene er så detaljrike og unike at ein kan finne dei att på lokket i løpet av eit halvt minutt. I ein annan skala sjølvsagt, så proposjonane må tas med i berekninga. Og teikninga er heilt absurd, med dei mest fantastiske og irrasjonelle begivenhetar. Det er tusen forteljingar i eit og same bilete. Det er altså så mange lag med glede inni denne asken, og hjernebarken boblar av glede over å få setje i gang. Derfor let eg Frank Sinatra synge jolesongar for meg, mens eg fyrar opp i omnen, ryddar av kjøkkenbordet og byrjar å sortere rammebrikker og bildebrikker. Hurra!

Jan Van Haastern "Stormen"