Ekstraarbeid, kveldstilegg

av hildelasse

Denne lysbildefremvisningen krever JavaScript.

Miranda har komi over ein tube med kvakksalve, og kvar ettermiddag smører ho og dei tre nyinnflytta endane seg med tolmodighet og legg seg til å sove i dammen som oppstår på jordet i anledning dårleg vær i påvente på betre. Og kvar kveld må eg iføre meg vadebukse før eg tek på meg hovudlykt og ber med meg ein staur for å få dei nedrima, anspente og lite samarbeidsvillige fuglane opp av vatnet og inn i låven. Det er mykje meir tungvindt enn å bare stenge låvedøra bak dyr som har gått inn og lagt seg sjølv, så eg ventar spent på dagen då rutina er innøvd og dette går av seg sjølv att. Slik det gjorde før Andrè og dei to nye andefrøknane flytta inn. Eg tør nemleg ikkje å la dei sove ute. Ikkje bare frys dammen att kvar natt, det er også barnelærdom at reven raskar over isen, og eg syns det er merkeleg at dei ikkje bryr seg.