Tre mødre som ikkje er mødre

av hildelasse

Det høyrer med til hønsehistorien at den store nye hanen ikkje blei  anskaffa for å nedkjempe min kjære lille GaleMatias. Det er bare det at han er reint fysisk alt for liten for hønene mine. Han har ein aldeles sørgeleg treffprosent, og av nærmare 40 egg som er førsøkt framruga, under høns og i maskin, har det komi tre kyllingar. Det er litt lite. Eg handla jo 11 kyllingar i fjor. Blant dei var det fire høner, resten hanar. Og så forar du og forar du, og etter eit halvt år dukkar dei første egga opp. Omtrent eit annankvar dag pr høne. Og det er greit. Men så tek dei seg nokre rugepauser på godt og vel fire veker der det ikkje kjem korkje nye egg eller kyllingar. Det er tafatt. Og ergo blei den nye hanen invitert til gards. Med eit håp om støre rekrutering til hønseflokken.

Nå tok også GaleMatias nederlaget som ein gentlemann. Han innsåg sine begrensningar og hoppa dagen etter ned frå vagla som vanleg og helsa den nye dagen og dei nye mogleghetane velkommen. I løpet av dei vel to vekene den nye hanen har budd her har GM blitt ein ny og endå trivelegare utgåve av seg sjølv. Sidan han ikkje treng å vere så innmari oppesen lenger, har han byrja å utforske sine mjukare sider og trivest godt på fanget.

Men Patuppa og Lillemor, dei to hønekyllingane eg fekk fram i rugemaskina i byrjinga av summaren, er framleis like ekskluderte frå det gode selskap. Prepubertel og morlaus er du utan rettighetar i eit hønsesamfunn. Langt strekare kjem den nye lille fjørballen til å vere i møte livets utfordringar, assistert av tre henrykte fostermødre som alle låg på det same reiret under trappa. GaleMatias er far, men eg trur den eggleggande mora er den einaste av dei som ikkje har ruga.

Her er Patuppa og Lillemor ute for fyrste gong. Bikkja har absolutt ingenting imot fuglar generelt, men den nye hanen er ho relativt irritert på. Ho er også litt usikker på kva ho skal gjere når Miranda framleis luggar henne i forbifarten, men landar som regel på å «hoppe på stjert»