To hanar i korga

av hildelasse

GaleMatias kjenner instinktivt at livet hans er i ferd med å ta ein ny vending. Ei kasse fulle av klukkelydar er blitt satt ned på tunet. Han gidder ikkje å gå nærmare, men strekker halsen for å få eit betre overblikk.

I det lokket blir løfta av hoppar den store kjempen frå Skåtøy ut på graset. Deretter byrjar han å virre rundt som ei hovudlaus høne. Matias har ikkje sett ei, men han har både nok erfaring og fantasi til å gå god for ordbruken. Nykomlingen går seg inn i ein rull med hønsenetting og blir ståande fast. Til nå er det ingen trussel knytt til dette møtet. Ein stor, klønete tosk kan gjerne flytte inn. Han kjenner hønene sine godt nok til å vite at dei ikkje vil falle for ein slik tulling.

Men når den enorme, kvite fuglen har fått samla seg, og har fått hjelp til å kome seg ut i frihet att, blir det openbart at den lille dvergen har misstolka situasjoen. Ikkje bare er den nye hanen særdeles staseleg. Han ber også på ein autoritet han trudde han var aleine om å inneha. Idet dette verkeleg går opp for han ristar han på hovudet og dreg luft langt ned i lungene. Han veit kva som må gjerast, men han blir også slått av sterk tvil. Det må jo vere rein galskap å gå til angrep på eit slikt beist. Han er minst dobbelt så stor som han sjølv. Men han har trass alt ikkje noko valg. Om han ikkje prøvar seg på å behalde rangen vil han tape ansikt. Det er det verst tenkelege av alt. Skam? Heller dø.

Så han spaserar bort til sussexen, prikkar han på skuldra og spør om det er slik å forstå at han har tenkt seg å bli her? Det blir høflig, men kanskje litt arrogant bekrefta. Dessutan får han høyre det han ikkje vil høyre; Det er så mange bra damer her.

GaleMatias iverkset «Aksjon Grisebank»

***

Det gjeng som det må gå. GaleMatias lid eit knusande nederlag og gjeng til sengs tidleg. Han er lei av denne dagen. Drittlei. Hanekammen er sår og stiv. Ansitet er moglegvis borte (det er vanskeleg å sei med alt dette blodet over alt) og hønene er for alltid tapt.