Understimulert

av hildelasse

Det dukkar i blant opp tungtvegande argumenter for at eg burde fått småbruket på grøn resept. For eksempel boka om den heilt vanlege drøvtyggarguten Lasse. Boka som blei refusert av Det Norske Samlaget (ærlig talt, dei burde faktisk feie for eigen dør og tenkje litt meir på val av namn sjølv. Prøv å bli store i Sverige liksom. Lykke til!), men som blei smugla inn bakvegen i Holger Nielsens metode på P3 forkledd som ein lassbæraradventskalender. Om ikkje høglest, så i allefall tilreferert.

I etterpåklokskapens lys ser eg at eg burde ha vald vampyrar eller varulvar til hovedpersonar. Det var nok ein bommert å velge drøvtyggjaren..