Sundag

av hildelasse

Eg startar morgonen i ein sofa, under eit pledd, i eit rom som endå ikkje har blitt varmt. Det brenn i omnen og eg sit saman med ein seksåring og ein kanin. Er det for tidleg? Det kjem an på kven av oss du spør. Eg ville sei ja, definitivt.

Me er på eit stort skip med mange folk ombord, me jobbar der, det er arbeidsplassen vår. Mens eg framleis slit med å halde augene opne blir ei hyllehenta skål med nyskoren salat sett fram for gjesten Josef. Han er svært takksam og hiv seg over frokosten. Etter mitt ynskje set me kursen mot Australia for å besøke syster mi. På overfarten kjem me plutseleg utfor ein storm. Me blir sjøsjuke og kastar opp. Så for å få bukt med kvalmen prøvar me fiskelukka. Men kvar gong eg meiner at eg har fått ein fisk (og eg prøvar mange kast) får eg håpet mitt knust av pessimisten ved mi side. Når eg dreg ein skattekiste over ripa har han derimot ingen innsigelsar.

Når me kjem til Australia får eg ikkje lov å gå på land, så viss eg skal møte syster mi er eg prisgitt at ho vil kome ombord. Men skal me ikkje vere her litt?, spør eg. Og jovisst stemmer det, me må jo fylle drivstoff. Men eg må bli på båten.

Ombord har me ein del snoskuterar. Nokre av dei byter me mot fine bilar. Så reiser me plutseleg att. Godt og vel før eg får sukk for meg.

Halvegs heime må me på nytt fylle diesel og India ligg innan rekkevidde. Snoskuterane blir nok ein gong eit tema, men eg seier at det blir tungvindt. Det er ikkje bare-bare å kjøre snoskuter i India, det må han forstå. Så me prøvekjører nokon av bilane våre i staden. I tillegg kjøper me med oss eit par elefantar for noko av gullet i skattekista og set kursen heimover mot Noreg.

Det er openbart viktig å få kjørt litt snoskuter på vegen, så me må fylle tankane våre nok ein gong og det bør skje i eit land med sno. Mitt forslag er Grønland, der er det mykje sno og lang vinter seier eg, men eg har bare enkeltstemme og må finne meg i å styre skuta mot Tyskland. Og det skulle vise seg å vere eit fantastisk land for snoskuterkjøring. Eg var bare ikkje klar over det før. Du kan tydeligvis oppnå ein hinsides fart på autobahnen og det er ingen som stoppar deg.

Og den eine elefanten bytta i eit par tilhengerar som katten skal få.

*

Det er framleis mørkt ute. Det er framleis eit par timar til det lyst nok for  eggplukking, snomåking,  kaninburrensing, snobrettkjøring på låvebrua, kakao, tur med bikkjetrekt spark, ferdigpizza og kaninfanging. Det er framleis tid å slå ihjel. Men finstoga må også ryddast etter hattefesten i går, og på kjøkkenet fyller framleis alle tacoskålene oppvaskbenken.

Jens Petrus Andersen! Stafettpinnen er din..