Positiv

av hildelasse

Den positive lova. Du har sikkert høyrd om han. Du har kanskje sett han på ei hustavle. Nokon har heilt sikkert bedt deg leve etter han. Det er ingen grenser for kor langt ein kan kome ved å tenkje positivt. Det er ein klisje, og han er på grensa til kvalmande.

Og det kan absolutt bli litt streversk å innrette seg etter han. Du kan til og med oppleve å bli sjukeleg positiv også, der du står med eit stivt smil og gråten i halsen, fornektar sanninga og seier til deg sjølv; det fins ikkje problem, bare utfordringar.

Men det er likevel noko i han.

Tenk positive tankar, bruk positive ord, gjer positive gjerningar og det positive gror.

Og det er litt mindre sjarmerande med folk som (gjennomført) lever etter den sjølvmedlidande lova. Det er mykje skumlare med dei lever etter den hensynslause. Litt kjedelegare er det med dei som lever etter den overflatiske og langt meir irriterande med dei som lever etter den provoserande varianten.

Uansett: Sjekk da folkens! Soloppgangen er min nærmaste nabo!