Tvare

av hildelasse

Barking er ikkje desverre ikkje ein menneskerett. Eg hugsar det var oppe til høyring ein gong, men det drukna sjølvsagt i EU-debatten. I tettare bebygde støk enn det eg bur i, vil du kanskje til og med oppdage at det er straffbart. I allefall om du har teke eit tre utan komunens velsigning. Og i det papirlause samfunns papirmøller vil din sak bli nedprioritert, søknaden din vil legge seg på botnen og der vil han han liggande. Og mens du blir stadig meir frustrert (for du har lest ein blogg og fått lyst til å prøve dette, og i parken har du sett eit tre du meiner er perfekt til prosjektet) og irritert (for du har brukt sparepengane dine til å kjøpe barkespaden som var lengst inne i ein krok i ein jernvarehandel som for tida fokuserar meir på å selge kvitmåling enn håndverktøy) tenkjer komunen din meir på budsjetter og innsparingar enn dine behov. Det er ganske urettferdig. Men slik har det blitt, og di historie er ikkje unik.

Då er det ei glede at det er sessong for arbeidslause grantrær.

For det du treng for å lage ei eller fleire tvarer står på balkongen din drys. Og dette er smarte greier; for ved å lage ei tvare får du tilfredsstilt behovet for å bli skitten på hendane, håndtere verktøy og i tillegg får du endeleg dei vispane du har drøymt om så lenge.

Tvare er eit tradisjonelt kjøkkenredskap, laga av toppen av ei gran eller furu. Grana er best egna, for ho set ikkje smak på maten. Dei øvste greinkransane gir små tvarer, lenger ned blir dei grovare. Vil du røre, kan du føre. Eller om du vil skumme mjølk til kaffen din; snurr han så fort du kan mellom handflatene dine. Dei største blei før også bruka til å stampe jordeple og kålrot med om ein skulle lage stappe. Men det blir litt bakstreversk. Dei er ikkje ideelle til slikt.

Start på toppen av treet og jobb deg nedover. Kapp treet under den øvste greinkransen, og kutt så sideskota i passande lengder. Du kan få ut eit par-tre tvarer frå eit joletre. Deretter er det bare å flette av barken. Dess tørrare treet er dess meir må ein bruke kniven for å få barken av, men er treet ganske ferskt ennå er det bare å skrelle tvaren som ein banan eller rabarbra. Jevne så til og rund alle kvasse kantar. Nå er han fiks ferdig!

P.S. Ikkje ta det for gitt at alle andre er like glad i flisar og kvae som det du er. Rydd derfor opp etter deg før det blir ein greie av det.