Flat struktur.

av hildelasse

Arbeidsfordelinga er så innmari skeiv i husholdningen 25/124. Det meste fell på meg, og til trass for at eg heng opp gule post-it lappar og minner alle på oppgåvene sine i eininga blir eg stadig skuffa. For eksempel: Eg opnar døra inn til finstoga for å hente jolepynten og bære den opp på kottet. Bikkja hadde fått i oppgåve å hauste joletreet mens eg var på jobb på kafeen. «Alle må bidra!» ropte eg inn til henne før eg låste døra og kjørte min veg. Men ho gjer jo aldri det eg ber henne om. Med mindre eg ber ho hente pinnen eller finne ballen.. Romet var akkurat slik eg reiste frå det.

Det som ser ut til å funke så fint i Andeby, fungerar openbart ikkje her. Er heile opplegget der bare eit filmtriks, eller er det mangelen på klær som gjer at samtlige av mine medborgerar har same tiltakslyst som Guffen?

Så får eg pakke ned jola sjølv då.